Lonna logo
Lonna logo

Me ynskjer deg som avdelingsleiar i Pleie og Omsorg, Etne Kommune

Etne kommune Pleie og omsorg

Holmavegen 30, 5590 Etne2 months siden

Me ynskjer deg som avdelingsleiar i Pleie og Omsorg, Etne Kommune

Etne kommune Pleie og omsorg

Holmavegen 30, 5590 Etne2 months siden

Om stillingen

Me søker etter deg som har lyst til å vera med å vidareutvikla avdeling 2 (somatisk avdeling)ved Etne omsorgsenter, Etne kommune.
Som avdelingsleiar ved avdeling 2 er ein også leiar for PBI (praktisk bistand i instutisjon) og hovudkjøkken.

Avdeling 2 er ein somatisk avdeling med langtid, korttid-/ rehabiliteringspasientar.

Me søker deg som ikkje er redd for å satse og tenkje nytt. Du har har god arbeidskapasitet, godt humør og ikkje er redd for nye utfordringar.
Som avdelingsleiar i inngår du i eininga si leiargruppe og jobbar tett saman med fagsjukepleiar.
Avdelingsleiar har ansvar for ca 28 årsverk.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift av avdelinga i saman med fagsjukepleiar
  • Fokus på fagleg utvikling i tråd med eininga sin plan, sentrale og nasjonale føringar
  • Personalansvar
  • Økonomiansvar
  • Samhandling på tvers av avdeling og eining
  • Opprettholde eit godt arbeidsmiljø
  • Rekruttering og opplæring
  • Kvalitet og HMS arbeid

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar med godkjent norsk autorisasjon
  • Relevant leiarerfaring eller leiarutdanning er ønskeleg
  • God økonomiforståing og erfaring med økonomistyring
  • Kjennskap til gjeldande lovverk
  • Kjennskap til velferdsteknologi
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og muntleg
  • Gode IT-kunnskaper
  • Førarkort klasse B

Eigenskapar

  • Du er engasjert og har vilje til å skapa gode tenester for paisentar saman med dine medarbeidarar
  • Du er målretta, strukturert, utviklingsorientert og resultatorientert
  • Din leiarstil er tydeleg og tillitskapande
  • Du har evnen til å jobba både åleina og i team
  • Du likar varierte arbeidsdagar
  • Du har evnen til å motivere medarbeidarar mot felles mål

Me tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass som du vil vere med å utvikle vidare
  • Godt fagleg miljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Engasjert leiarteam som samarbeidar på tvers av avdelingane
  • Fagleg dyktige, erfarne og engasjerte medarbeidare
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjonsordingar

Annan informasjon

Etne kommune er deltakar i Tørn-prosjektet i regi av KS. I prosjektet er det fokus på den gode vakta gjennom kontinuitet i bemanning og oppgåvedeling, slik at me sikrar at rett kompetanse blir nytta på
rett stad til rett tid. Som tilsett i helse og omsorg i Etne kommune har du moglegheit til å påverke prosjektet via medarbeidarinvolvering og du må vere villig til å prøve ut nye løysingar for å nå målet
om den gode vakta

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Avdelingsleiar, 100% fast

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632
  • user

    Tittel

    Avdelingsleiar, 100% fast

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    19804

  • Sist endret

    19. september 2024