Lonna logo
Lonna logo

Vernepleiar ved institusjonstenester

Aurland kommune

Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland2 months siden

Vernepleiar ved institusjonstenester

Aurland kommune

Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland2 months siden

Om stillingen

Om stillinga

Me har ledig 100% fast stilling  som vernepleiar ved institusjonstenester frå 02.09.24.
Har du ein annan bachelor innan helse og omsorg er du også velkomen til å søke.

Helsetunet har 24 plassar fordelt på tre avdelingar, korttid / langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt. 

Me har lyse og trivelege omgjevnader med gode fasilitetar, utstyr og hjelpemiddel. Her har me eige kjøken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen.

Avdelinga institusjonstenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen. 

Me jobbar etter årsplan, som blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere. 
Me kan prøve å tilpasse vaktene slik at du kan pendle.

Håpar at du vil bu i den fine kommunen vår, passar det ikkje for deg å bu her, så søk stillinga likevel. 


Rekrutteringstilskot

Aurland kommune vil stimulere til rekruttering av vernepleiarar og sjukepleiarar ved å yte rekrutteringstilskot. 

Tilskotet er på brutto kr 50 000,- per år i to år frå tilsettingsdatoen. Rekrutteringstilskotet vert ytt som ein eingongssum à kr 100 000,- i etterkant av dei to første åra som tilsett.

Rekrutteringstilskotet er tidsavgrensa i perioden 2022-2026 og gjeld for stillingar der det blir stilt krav om minimum bachelorgrad som vernepleiar / sjukepleiar.


Arbeids- og ansvarsområde

  • varierte pasientretta arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande krav til kvalitet, funksjon som pasientansvarleg og dialog med brukar og pårørande
  • faglege oppgåver som: handtering  av medikament, lindrande behandling, kateter, sårstell, miljøarbeid, deltaking på  legevisitt
  • observasjon, tiltak og behandling
  • vurdering og kartlegging av behov og vere ein bidragsyter til at bebuarane får god omsorg og tryggleik
  • dokumentering, registrering og rapportering i journalsystemet Visma profil, i tillegg til IPLOS og ADL
  • rådgjeving og rettleiing av kollegaer og studentar
  • tverrfagleg samarbeid med andre som fysioterapeut, ergoterapeut, lege og andre samarbeidspartnarar 1. og 2. linja

I tillegg kan avdelingsleiar delegere fleire interessante oppgåver.


Me tilbyr

  • ei spennande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad 
  • å bli ein del av ein trivleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • kr 35 000 høgare årsløn i lokal lønsstige
  • ekstra laurdag og søndagstillegg ( kr 10,- pr. time over tariff)
  • funksjonstillegg til praksisrettleiar
  • heimevakt er innbakt i stillinga, eller løna 1:3 ved eventuell ekstra heimevakt
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen 
  • hjelp til å skaffe bustad 
  • hjelp til å skaffe jobb til partnar 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her


Kvalifikasjonar

  • Du må ha autorisasjon som vernepleiar eller anna bachlor innan helse
  • Erfaring frå arbeid med brukargruppa er ønskeleg, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna
  • Du bør ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Me oppfordrar studentar om å søke.


Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget. Har du evne til å vere audmjuk, er fleksibel og løysingsorientert? Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, at du tek initiativ, og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. Me vonar du har godt humør og er til å stole på.  Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar,  og i tillegg brenn for faget - då ynskjer me deg på laget.

Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg, eller langvakter kvar fjerde helg
  • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato

Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.


  • user

    Tittel

    Vernepleiar ved institusjonstenester

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

  • user

    Tittel

    Vernepleiar ved institusjonstenester

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    19874

  • Sist endret

    10. august 2024