Lonna logo
Lonna logo

Sjukepleiar 80 % fast stilling

Heimetenestene, Sykkylven kommune

Haugneset 16, 6230 Sykkylven3 months siden

Sjukepleiar 80 % fast stilling

Heimetenestene, Sykkylven kommune

Haugneset 16, 6230 Sykkylven3 months siden

Om stillingen

Er du ein engasjert sjukepleiar som er ute etter nye utfordringar? Sjå hit om du kan tenke deg å bli ein del av laget vårt! Vi har ledig 80 % fast stilling som sjukepleiar ved Korttid/rehab. Avdelinga er organisert under Heimetenestene og er i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.   

Vi søkjer ein sjukepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig men ha gode samarbeidsevner, samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig i avdelinga. Vi nyttar fagdatasystemet Visma Profil til all dokumentasjon rundt pasientane, og turnusprogrammet Visma Ressurs for turnusplanlegging og timelister.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til å realisere avdelinga sine mål og planar
  • Medisinhandtering (administrering og tillaging i dosett)
  • Blodprøvetaking og anna laboratoriearbeid
  • Kartlegge, utarbeide, gjennomføre, evaluere og dokumentere tiltaksarbeid
  • Dokumentasjon i pasientjournal 
  • Palliativ pleie
  • Legge til rette for godt samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Sjukepleie til pasientar med samansette behov
  • Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut, innsatsteam og tenestekontor

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert og serviceinnstilt
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette

 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4845104013
Stillingsprosent: 100%
Fast

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar 80 % fast stiling

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar 80 % fast stiling

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    20048

  • Sist endret

    9. oktober 2024