Lonna logo
Lonna logo

Sjukepleiar/vernepleiar søkjast til ny brukarstyrt post

Haugaland DPS Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund2 months siden

Sjukepleiar/vernepleiar søkjast til ny brukarstyrt post

Haugaland DPS Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund2 months siden

Om stillingen

Vi har nyleg opna ein ny brukarstyrt post innan psykisk helsevern, og no treng vi fleire gode kollegaer. Vil du bli med på laget?

No leitar vi etter to nye sjukepleiarar eller vernepleiarar til faste helgestillingar. Hos oss vil du få høve til å arbeide kvar tredje helg, med varierte vakter som gir deg ein spennande kvardag – frå dag til kveld, inkludert 12-timars vakter. Dette er ein unik moglegheit til å vere med å gjere ein forskjell!

Posten vår er bemanna med eit flott team av erfarne sjukepleiarar, vernepleiarar og helsearbeidarar, som jobbar tett saman med andre einingar innan psykisk helsevern. 

Vi tilbyr fem døgnplassar for pasientar med psykiske lidingar. Pasientane har moglegheit til å skrive seg inn etter eige behov utan formell innleggelse. Avdelinga vår byggjer på prinsippa om recovery og miljøterapi, med fokus på pasientens målsettingar og meistring.

Stillingane er ledige no og ein kan tiltre innan kort tid. Grip sjansen og bli ein del av dette engasjerte laget!


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapi
  • Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
  • Ansvarsvakt
  • Tilrettelegging for, og deltaking i samtalar
  • Samarbeid med interne og eksterne instansar 

Kvalifikasjonar

  • Høgskule (bachelor) med eller utan relevant videreutdanning
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • viser engasjement og interesse for pasientgruppa
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • er sjølvstendig
  • har gode relasjonsferdigheitar
  • viser raushet og har godt humør  

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit svært trivelig arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling  
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift 

 

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Trude Rødseth Lygre, Funksjonsleiar, trude.rodseth.lygre@hotmail.com
Anny Birgitte Iversen, Rådgiver, anny.birgitte.iversen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4846808614
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 01.09.2024
Søknadsfrist: 13.10.2024

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar/Vernepleiar

  • calendar

    Oppstart

    1. september 2024

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    2

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar/Vernepleiar

  • calendar

    Oppstart

    1. september 2024

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    2

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    22286

  • Sist endret

    7. september 2024