Lonna logo
Lonna logo

Open søknad - fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg

HELSE OG OMSORG, Stad kommune

6770 Nordfjordeid6 months siden

Open søknad - fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg

HELSE OG OMSORG, Stad kommune

6770 Nordfjordeid6 months siden

Om stillingen

Einingane innan helse og omsorg i heile Stad kommune ønskjer fleire fritidskontakter og tilkallingsvikarar.

Ein fritidskontakt skal hjelpe andre personar til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Årsake til at personar treng fritidskontakt er samansett. Det kan vere somatisk (kroppsleg) eller psykisk sykdom, skade eller lidelse, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Personar i alle aldersgrupper kan ha fritidskontakt. Dersom dette kan vere noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser og kva aldersgruppe du kan tenke deg å jobbe med.
Fritidskontaktoppdrag kan vare frå 2 timar og oppover per veke. Tidspunkt for arbeidet avtalast mellom fritidskontakt og personen ein har oppdrag for. 

Skriv i søknaden kva for ei stilling du søkjer på (fritidskontakt eller tilkallingsvikar) og kvar du helst vil jobbe, eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.

Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar, langvarige vikariat og ferievikariat. Denne utlysninga gjeld kun tilkalling og korte vikariat.

Arbeidsoppgåver

  • Vikararbeid i Heimeteneste inkludert Fossevegen bufellesskap, Bu- og miljøtenesta, Hogatunet, Seljetunet og eining for helse.
  • Fritidskontakta si viktigaste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid. Dette inneber å vere saman med den enkelte på ulike fritidsaktivitetar som t.d å gå på kino, kafé, trene, reise på turar saman mm.

Kvalifikasjonar

  • Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i helse og omsorg
  • Som fritidskontakt må du sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst å gjere noko meiningsfylt i samspel med andre
  • Dersom du er aktuell vil du bli kontakta
  • Du er gjerne i eit relevant studieløp
  • Alle som arbeider i helse og omsorg må levere gyldig politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
  • Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen

Vi tilbyr

  • Ekstravakter, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
  • Løn etter tariff. Du skriv timeliste.

Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at følger med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!

Det er fint om du sjølv trekk søknaden din i webcruiter når du ikkje lenger er aktuell for vikararbeid.

Kontaktinformasjon

Karl Alsaker, einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 91 56 13 83, karl.alsaker@stad.kommune.no
Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48 04 52 10, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Ingrid Hjelmeland, assisterande einingsleiar heimetenesta, 97 53 02 65, ingrid.hjelmeland@stad.kommune.no
Linda Gotteberg, einingsleiar helse, 41 69 42 03, linda.gotteberg@stad.kommune.no
Grete Aud Totland, einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95 81 90 05, grete.aud.totland@stad.kommune.no

Arbeidsstad

 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4835428061
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2024

  • user

    Tittel

    Open søknad - fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Ikke oppgitt

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    10

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Kontaktperson

Del annonsen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    22367

  • Sist endret

    20. desember 2024