Lonna logo
Lonna logo

Bioingeniør fast stilling

Medisinsk biokjemi Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund2 months siden

Bioingeniør fast stilling

Medisinsk biokjemi Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund2 months siden

Om stillingen

Ønsker du å bli ein av våre nye kollegaer innan medisinsk biokjemi? Send inn søknaden din og bli del av teamet vårt!

Hos oss vil du få varierte arbeidsdagar med innblikk i ulike program og fagfelt. Vi arbeider med område som klinisk kjemi, hematologi og koagulasjon, allergi og elektroforese, prøvehandsaming, pasientnære analysar og prøvetaking. Vi har òg eit heilautomatisert bandsystem som nyttar moderne teknologi og ny automatikk.

Som bioingeniør i medisinsk biokjemi vil du engasjere deg i nært samarbeid på tvers av faggrupper, noko som skapar ein spennande kvardag i eit tverrfagleg miljø. Vi tilbyr arbeid i turnus på 35,5 timar i veka, og omlag arbeid kvar fjerde helg etter at opplæringa er fullført.

Medisinsk biokjemi er lokalisert i eit nytt sjukehusbygg med flotte, lyse lokale og fantastisk utsikt. Avdelinga er stolt akkreditert etter ISO 15189 som viser at vi oppfyller krav til kvalitet og kompetanse.

Ta kontakt om du har spørsmål om stillinga eller anna! Intervju blir gjennomførte fortløpande, og vi er fleksible når det gjeld oppstartsdato.

Det er òg ledige vikariat som varer over lengre periodar. Ver venleg og nemn i søknaden din om dette er av interesse.

Nyutdanna vert oppfordra til å søkje.


Arbeidsoppgåver

Rutinedrift på ulike fagområder som:

  • Prøvehandtering og preanalytisk arbeid
  • Hematologi og koagulasjon
  • Klinisk kjemi/immunokjemi
  • Pasientnær analysering ved bl.a blodgassmaskinar og urinanalysar
  • Prøvetaking av polikliniske og inneliggende pasientar

På vakt vil ein samarbeide med ein annan bioingeniør og ein helsesekretær. Då vil oppgåvene ovanfor variere

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg 
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid innanfor medisinsk biokjemi eller annan relevant arbeidserfaring

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert
  • trivst i eit aktivt miljø
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er serviceinnstilit
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • har høg arbeidsmoral 

Vi tilbyr

  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø og godt kollegialt klima

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Benedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, 93827930, Benedikthe.Celine.Hartvigsen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4848809120
Stillingsprosent: 100%
Fast

  • user

    Tittel

    Bioingeniør

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

  • user

    Tittel

    Bioingeniør

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    23510

  • Sist endret

    7. oktober 2024