Menighetspedagog
HERØY KYRKJELEGE FELLESRÅD
5 months siden
Menighetspedagog
HERØY KYRKJELEGE FELLESRÅD
5 months siden
Om stillingen
Kyrkjelydspedagog 100% stilling.
Det er høve til å søkje på deler av stillinga
Til stillinga som kyrkjelydspedagog ligg der forskjellige ansvarsområde og arbeidsoppgåver. Innhaldet i stillinga vil bli tilpassa kunnskap og kvalifikasjonar til den som blir tilsett. Stillinga er knytt til alle dei tre kyrkjene/sokna i Herøy.
Arbeidsoppgåver:
Planlegge og gjennomføre tiltak i trusopplæring for barn og unge, 0-18 år.
Til stillinga ligg arbeid med våre konfirmantar, jule- og påskevandringar, Lys vaken og Tårnagent, babysong, kontakt med og opplegg i barnehagar og skular.
Rekruttere og følgje opp frivillige medarbeidarar.
Kvalifikasjonar:
3-årig høgskuleutdanning innanfor faga kristendom, pedagogikk, trus- og livssynskunnskap Andre med anna relevant utdanning/bakgrunn er velkome som søkjarar
Eigenskapar:
Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge.
Evne til å engasjere og koordinere frivillige medarbeidarar.
Evne til å behalde roa i stressa situasjonar.
Evne til å koordinere ulike oppgåver på same tid.
Vi legg stor vekt på gode samarbeidsevner og fleksibilitet.
Anna:
Til stillinga ligg arbeid på kveld og i helg.
Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Den som får tilbod om stillinga, kan bli kravd for barneomsorgsattest (politiattest), jfr. Trussamfunnslova §20.
Vi tilbyr:
Fleksibel arbeidstid innanfor ramma av arbeidsplanen med arbeid på kveld og helg.
Ein triveleg arbeidsplass i kontorfellesskap og med støttande kollegaer.
Utfordrande og meiningsfylte oppgåver. Løn etter avtale og medlemskap i KLP.
Prestane har det faglege ansvaret for trusopplæring og undervising og vil ha den faglege leiinga for dette arbeidsområdet, inntil vi har utdanna kateket på plass igjen.
Mogelege kombinertstillingar – kyrkjetenar/vaktmeister/arbeid med barn og unge/organist inntil 100%
Dersom du er allsidig og ønskjer å kombinere nokon av stillingane som er lyst ut er vi open for det. Ta kontakt med kyrkjeverje Birgitte Sævik Pedersen, tlf. 418 60 781, eller på e-post: birgitte.saevik.pedersen@heroy-kyrkje.no eller stikk innom kontoret dersom du er i nærleiken for ein prat.
Søknader med CV skal sendast til kyrkjeverja@heroy-kyrkje.no eller til
Herøy kyrkjelege fellesråd
Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg
Tittel
Menighetspedagog
Oppstart
Etter avtale
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Ikke oppgitt
Antall stillinger
1
Om bedriften
I fellesrådsområdet er det 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn; Indre Herøy kyrkje, Leikanger kyrkje og hovudkyrkja Herøy kyrkje som ligg i Fosnavåg.
Staben i Herøy har prestar, kyrkjelydspedagog, barne- og ungdomskoordinator, organistar, sekretær, kyrkjetenarar, klokkarar og kyrkjeverje. Staben har kontorfelleskap i Herøy kyrkje.
Herøy kyrkje er ei stor og flott arbeidskyrkje som vart vigsla i 2003. Kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydsdel, kontor, ungdomsavdeling med eigen aktivitetshall, open barnehage og kafé. Lokala i Herøy kyrkje er svært eigna til å drive barne- og ungdomsarbeid
Tittel
Menighetspedagog
Oppstart
Etter avtale
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Ikke oppgitt
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Del annonsen
Om bedriften
I fellesrådsområdet er det 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn; Indre Herøy kyrkje, Leikanger kyrkje og hovudkyrkja Herøy kyrkje som ligg i Fosnavåg.
Staben i Herøy har prestar, kyrkjelydspedagog, barne- og ungdomskoordinator, organistar, sekretær, kyrkjetenarar, klokkarar og kyrkjeverje. Staben har kontorfelleskap i Herøy kyrkje.
Herøy kyrkje er ei stor og flott arbeidskyrkje som vart vigsla i 2003. Kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydsdel, kontor, ungdomsavdeling med eigen aktivitetshall, open barnehage og kafé. Lokala i Herøy kyrkje er svært eigna til å drive barne- og ungdomsarbeid
Ytterligere informasjon
Stillingsnummer
23914
Sist endret
21. desember 2024