Kateket
HERØY KYRKJELEGE FELLESRÅD
5 months siden
Kateket
HERØY KYRKJELEGE FELLESRÅD
5 months siden
Om stillingen
Kateket, 100% stilling – Herøy kyrkjelege fellesråd
Er du engasjert i barn og ungdom og synest det er viktig å formidle den kristne trua til nye generasjonar? Vil du vere med å utvikle barne- og ungdomsarbeidet og bygge kyrkjelyd? Vi ønsker oss ein medarbeidar som kan vere med å vidareutvikle dei tiltaka vi har og som kan sjå potensialet og dei moglegheitene den flotte arbeidskyrkja med ungdomsavdeling, gymsal og amfi gjev oss. Du vil få moglegheit til å forme innhaldet i stillinga. Høyrest dette spanande ut og har du lyst å arbeide i ein kommune som er nabo til Sunnmørsalpane – då håper vi at nettopp du søkjer på stillinga som kateket hjå oss.
Som kateket vil du få desse arbeidsoppgåvene:
Leie arbeidet med undervisning og opplæring for born og ungdom. I dette ligg:
Ha hovudansvar for konfirmantarbeidet
Ha hovudansvar for kyrkje-skule-barnehage samarbeid
Organisere og delta i breiddetiltak i trusopplæringa i samarbeid med barne- og ungdomsdiakon
Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester
Delta i plan- og utviklingsarbeid for trusopplæringa
I samarbeid med staben og frivillige aktivt involvere born, ungdom og deira familiar i kyrkjelydane
Rekruttere, utruste og rettleie frivillige medarbeidarar
Du:
er utdanna kateket eller ønsker å ta kateket utdanning
er god å kommunisere og kan på ein engasjerande måte formidle kristen tru til born og ungdom
kan jobbe sjølvstendig, er ryddig og strukturert
ser nytten i godt teamarbeid
har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
er medlem i Den norske kyrkja
Vi tilbyr ein spennande jobb der du får vere med på å utvikle kyrkjelydsarbeidet. Vi vil legge til rette for at du kan utdanne deg til kateket dersom du ikkje alt er kateketutdanna. Arbeidsoppgåvene er varierte og du vil få utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling og vekst. Som tilsett blir du ein del av eit kontorfellesskap i ei godt tilrettelagt arbeidskyrkje. Saman med eit flott team, beståande av engasjerte medarbeidarar og frivillige, skal du utføre arbeidet i tre ulike kyrkjer/sokn. Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Det vert kravd politiattest, jfr. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20.
Den som blir tilsett må rekne med arbeid på ettermiddag/kveld og i helg.
Du bør ha førarkort, og det er fint om du disponerer eigen bil.
I tilsetjinga vil vi legge vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar.
Du er velkomen til ta kontakt for nærare opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene med kyrkjeverje Birgitte Sævik Pedersen 418 60 781, birgitte.saevik.pedersen@heroy-kyrkje.no
Vi tilbyr omvendt referanse, ta kontakt for meir informasjon.
Søknad med CV sendast til
Herøy kyrkjelege fellesråd,
Lisjebøvegen 1,
6091 Fosnavåg
eller på e-post til kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no.
Tittel
Kateket
Oppstart
Etter avtale
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Ikke oppgitt
Antall stillinger
1
Om bedriften
I fellesrådsområdet er det 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn; Indre Herøy kyrkje, Leikanger kyrkje og hovudkyrkja Herøy kyrkje som ligg i Fosnavåg.
Staben i Herøy har prestar, kyrkjelydspedagog, barne- og ungdomskoordinator, organistar, sekretær, kyrkjetenarar, klokkarar og kyrkjeverje. Staben har kontorfelleskap i Herøy kyrkje.
Herøy kyrkje er ei stor og flott arbeidskyrkje som vart vigsla i 2003. Kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydsdel, kontor, ungdomsavdeling med eigen aktivitetshall, open barnehage og kafé. Lokala i Herøy kyrkje er svært eigna til å drive barne- og ungdomsarbeid.
Tittel
Kateket
Oppstart
Etter avtale
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Ikke oppgitt
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Del annonsen
Om bedriften
I fellesrådsområdet er det 3 sokn med ei kyrkje i kvart sokn; Indre Herøy kyrkje, Leikanger kyrkje og hovudkyrkja Herøy kyrkje som ligg i Fosnavåg.
Staben i Herøy har prestar, kyrkjelydspedagog, barne- og ungdomskoordinator, organistar, sekretær, kyrkjetenarar, klokkarar og kyrkjeverje. Staben har kontorfelleskap i Herøy kyrkje.
Herøy kyrkje er ei stor og flott arbeidskyrkje som vart vigsla i 2003. Kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydsdel, kontor, ungdomsavdeling med eigen aktivitetshall, open barnehage og kafé. Lokala i Herøy kyrkje er svært eigna til å drive barne- og ungdomsarbeid.
Ytterligere informasjon
Stillingsnummer
23942
Sist endret
20. desember 2024