Lonna logo
Lonna logo

100% stilling som pedagogisk leiar ved Sekse barnehage / SFO

Ullensvang kommune Sekse barnehage

Opheimsgata 31, 5750 Odda4 months siden

100% stilling som pedagogisk leiar ved Sekse barnehage / SFO

Ullensvang kommune Sekse barnehage

Opheimsgata 31, 5750 Odda4 months siden

Om stillingen

Sekse barnehage og SFO:

Ledig fast stilling som pedagogisk leiar 100%, dersom det ikkje er kvalifiserte søkjarar vil andre verte vurderte. Me oppmodar derfor andre, helst med treårig høgskuleutdanning til å søkje - til dømes barnevernspedagogar eller andre.

 

Om arbeidsplassen:

Sekse barnehage ligg plassert ca. midt på austsida av Sørfjorden, midt mellom fjord, fjell og gardar. Her er det fin pendleavstand til både Odda og Kinsarvik. Plasseringa gjer oss òg mange moglegheiter til variert uteliv, noko barnehagen nyttar seg mykje av i kvardagen. Me samarbeider godt med bønder og andre i nærmiljøet. Barnehagen som ligg i den gamle skulen på Sekse gjer at me har mykje areal som gjer oss unike moglegheiter for å leggja til rette for barna sin trivsel og utvikling. Barnehagen har no i  haust 36 barnehageplassar fordelt på to avdelingar, i tillegg har me ettermiddags SFO.

 

Me ynskjer oss ein pedagogisk leiar som evnar å ta barnas perspektiv, og til å sjå og skapa gode relasjonar med alle barna. I Sekse barnehage og SFO ser me på alle barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet. 

Du må ha evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for barna. Me ynskjer oss ein pedagogisk leiar med gode samarbeidsevner, både med interne og eksterne aktørar. For å få til dette set me gode kommunikasjonsferdigheiter høgt. Me har jobba med at me skal både gje og få konstruktive tilbakemeldingar på ein god måte. Me har eit stort fokus på eit godt arbeidsmiljø, og me ser etter nokon med godt humør og positiv innstilling, nokon som er løysningsorientert, fleksibel og kreativ.

Som pedagogisk leiar vert det viktig å vera ein synleg og tydeleg leiar  Du er opptatt av kvalitet i barnehagen, og ynskjer å utvikle deg faglig. Du må ha evne til å vere med på å utvikle verdiane og læringsmiljøet i barnehagen. Som leiar må du har fokus på å inspirera og involvere medarbeiderar i arbeidet mot felles mål. Du må ha gode fremdrifts- og gjennomføringsevner, og stå trygt i utfordrande situasjonar - men søkje hjelp når du står fast. 

 

Me ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver:

Som pedagogisk leiar har du ansvar for 

  • barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.

  • å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk

  • å medverka til eit godt arbeidsmiljø 

  • å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.

  • å vurdera avdelingen sine samla ressursar; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar.

  • at barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet 

  • gje pedagogisk rettleiing på avdelinga 

  • tverrfagleg samabeid med ulike instansar

 

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Løn etter avtale (avhengig av stilling)

  • Gode rekrutteringsavtalar for utdanna barnehagelærerar

    • Rekrutteringstilskot:
      Etter 1 år i arbeid kr.: 30 000,- (utbetaling etter 1 år i stillinga)
      Etter  2 år i arbeid kr.: 30 000,- (utbetaling etter 2 år mnd i stillinga)

  • Pedagogisk leiar tillegg: 36 000,-

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Rekrutteringsbustad i Hovlandstunet

 

Krav:

  • Ved tiltreding må gyldig politiattest og tuberkulinstatus leggjast fram, jf. lov om barnehage.  



Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

 


Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Ikke oppgitt

  • building

    Sektor

    Ikke oppgitt

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Ikke oppgitt

  • building

    Sektor

    Ikke oppgitt

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    25606

  • Sist endret

    8. oktober 2024