Lonna logo
Lonna logo

Sjukepleiar/Vernepleiar

Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune

6823 Sandane2 months siden

Sjukepleiar/Vernepleiar

Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune

6823 Sandane2 months siden

Om stillingen

Er du den vi søkjer? 😊 

Vi har ei spennande stilling på Oreteigen der vi prøver ut ansvarssjukepleiar med langvakter på helg 12,5 timar og arbeid kvar femte helg.
Tilsetting i 100 %, fast, frå snarast. 

Oreteigen er ei bueining med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning,
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp, som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.

Våre verdier er: Respekt, Kunnskap og Omsorg


Arbeidsoppgåver

  • Utføre heilhetleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
  • Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
  • Opplæringsansvar overfor medarbeidarar / studentar 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Beherske norsk skriftleg og muntleg
  • Har god og generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen 

Personlege eigenskapar

  • Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar
  • Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel
  • Ser sjukepleiar-/vernepleiarrolla i samspel med andre kollegaer i eininga og er trygg i ansvarsrolla for pasientane.
  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysningorientert
  • Trives med endringar og nytenking
  • Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvtendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag

Vi tilbyr

  • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande.
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding

Kontaktinformasjon

Eva Skrivervik-Alme, Konst. tenesteleiar Bu og omsorg, +47 48894818

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4851788474
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.10.2024

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar/Vernepleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar/Vernepleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    26797

  • Sist endret

    2. oktober 2024