Lonna logo
Lonna logo

Lege i spesialisering, barnesjukdomar

Barneavdeling, Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund2 months siden

Lege i spesialisering, barnesjukdomar

Barneavdeling, Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund2 months siden

Om stillingen

VIl du bli vår nye LIS innan barnesjukdomar?

Barn- og ungdomsavdelinga er ein del av Medisinsk klinikk og omfattar Barnepoliklinikk i Haugesund og på Stord, Nyfødtintensiv eining, Barn sengeeining og Familieambulatoriet.  Avdelinga har ledig 100 % stilling som LIS 2/3 ledig frå 01.10.2024, med moglegheit for tidligare oppstart.    

Vi har for tida 9 overlegestillingar og 7 legar i spesialisering. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid ved sengeeining barn, nyfødtintensiv og poliklinikk Haugesund
  • Delta i utgreiing og behandling
  • Deltaking i undervisning
  • LIS-legane går i 7-delt tenesteplan, med aktive vakter

Kvalifikasjonar

  • Søkjaren må ha gjennomført LIS1 eller tilsvarande
  • Norsk autorisasjon
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 
  • Erfaring frå LIS-stilling ved barneavdeling blir vektlagd
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er pasientorientert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er fleksibel
  • trivst med teamarbeid
  • er sjølvstendig og strukturert

Vi tilbyr

  • Eit godt kollegialt miljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anne Margrethe Øritzland, Avdelingsleiar - barn

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4851696759
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2024

  • user

    Tittel

    Lege i spesialisering, barnesjukdomar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

  • user

    Tittel

    Lege i spesialisering, barnesjukdomar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    30525

  • Sist endret

    24. september 2024