Lonna logo
Lonna logo

Vi søkjer sjukepleiar

Akuttpsykiatrisk post, Valen sjukehus

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen2 months siden

Vi søkjer sjukepleiar

Akuttpsykiatrisk post, Valen sjukehus

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen2 months siden

Om stillingen

Akuttpost Valen ligg på Valen sjukehus og har åtte behandlingsplassar for Folgefonn DPS og Stord DPS sitt opptaksområde. Akuttposten skal gjere gode psykiatriske vurderingar, gje fokusert og kortvarig behandling eller tilvise til behandling på rett nivå. 

Akuttpost Valen har ledig vikariat for sjukepleiar frå 01.10.2024. 


Arbeidsoppgåver

  • Gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
  • Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, helsefagarbeidar
  • Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
  • Utforme behandlingsplanar
  • Gjennomføre strukturerte samtalar med pasientar i krise gjennom vårt behandlingstilbod "Krisepakke".
  • Rettleingsansvar for studentar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er tilpasningsdyktig
  • etterspør rettleiing

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
  • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs
  • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon
  • Opplæring i behandlingstilbodet "Krisepakke"
  • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på  www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Liv Rose Olderkjær Larsen, Funksjonsleiar, +47 53466474

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4848765084
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.10.2024
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 29.10.2024

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar

  • calendar

    Oppstart

    1. oktober 2024

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar

  • calendar

    Oppstart

    1. oktober 2024

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    31063

  • Sist endret

    7. oktober 2024