Lonna logo
Lonna logo

Faste 100% helsefagarbeidarstillingar ved Heimetenesta

Surnadal kommune Heimetenesta

Bårdshaugvegen 35, 6650 Surnadal2 months siden

Faste 100% helsefagarbeidarstillingar ved Heimetenesta

Surnadal kommune Heimetenesta

Bårdshaugvegen 35, 6650 Surnadal2 months siden

Om stillingen

Desse stillingane var lyst ut med søknadsfrist 25.08.2024.

På grunn av ein feil i rekrutteringssystemet , har ikkje alle søknader vorte registrert inn rett på rett måte og vi har dessverre ikkje kontaktinformasjon på nokre av søkarane. 

Det er difor bestemt at stillingane blir lyst ut på nytt.

Søkarar som har kome gjennom med søknad og har motteke bekreftelse på dette og blir overført til denne nye utlysinga. Dei treng da ikkje å søke på nytt.

Vi beklagar det som har skjedd, men no skal alt vere i orden med mottak av søknader igjen.

 

HELSEFAGARBEIDARSTILLINGAR I HEIMETENESTA I SURNADAL KOMMUNE.

Vi har ledige faste 100% stillingar i Heimetenesta.

Stillingane inngår i turnus, med arbeid f.t tredje kvar helg med arbeidsoppgåver i heimesjukepleia og elles innan tenestene vi gir.

Arbeidsoppgåver:

  • pleie- og omsorgsarbeid
  • respons på tryggleiksalarmar
  • dokumentasjon og oppfølging av tiltak
  • tverrfagleg samarbeid
  • opplæring og rettleiing av elevar, lærlingar og vikarar
  • samarbeid med pårørande, legevakt, ambulanse og andre

Oversjukepleiar er næraste overordna.

 Kvalifikasjonar/krav til kompetanse:

- autorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar. Andre med helsefagleg bakgrunn kan søkje

- erfaring frå liknande arbeid er ein fordel

- god skriftleg og muntleg framstillingsevne og god kommunikasjonsevne på norsk

- kunne bruke digitale verktøy til dokuementasjon og innhenting av informasjon

- fagkompetanse og basiskompetanse som bidreg positivt til fagutviling og arbeidsmiljø

- førarkort kl.B

- tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader

Personlege eigenskapar og fortrinn

Vi ønskjer oss medarbeidarar som er/har:

- fagleg trygge

- motivasjon for å lære og som er pådrivarar til utvikling og endring

- vilje og evne til sjølvstendig arbeid

Vi tilbyr:

  • godt arbeidsmiljø med vekt på fagleg utvikling og tverrfagleg samarbeid
  • lønn etter gjeldande avtalevert og med kommunale tilsettingsvilkår
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen

Kvalifiserte søkarar blir kalla inn til samtale.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    5

Om bedriften

Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabililtering og dagsenter for eldre. I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar og saksbehandlar søknader om omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistent. Vi er til saman 60 tilsette og held til i sentrum av Surnadal. I Surnadal har Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at alle innbyggjarane får bu heime så lengje dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, fysioterapeut og ergoterapeut som del av det tverrfaglege arbeidet. I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes. Vi har også eigen fagutviklingssjukepleiar. Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar. Heimetenesta arbeider etter metoden "Helheltlig pasientforløp i eget hjem" -HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital. KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar. Vi brukar Gerica som fagsystem.
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    5

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabililtering og dagsenter for eldre. I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar og saksbehandlar søknader om omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistent. Vi er til saman 60 tilsette og held til i sentrum av Surnadal. I Surnadal har Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at alle innbyggjarane får bu heime så lengje dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, fysioterapeut og ergoterapeut som del av det tverrfaglege arbeidet. I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes. Vi har også eigen fagutviklingssjukepleiar. Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar. Heimetenesta arbeider etter metoden "Helheltlig pasientforløp i eget hjem" -HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital. KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar. Vi brukar Gerica som fagsystem.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    33332

  • Sist endret

    2. september 2024