Lonna logo
Lonna logo

Har du lyst til å bli ein del av vårt a+ team? Då må du lese vidare!

Accountor Sogn - Økonomi Sogn AS

Vikjatunet, 6893 Vik i sogn2 months siden

Har du lyst til å bli ein del av vårt a+ team? Då må du lese vidare!

Accountor Sogn - Økonomi Sogn AS

Vikjatunet, 6893 Vik i sogn2 months siden

Om stillingen

Accountor Vik i Sogn treng nye medarbeidarar

Accountor Sogn er din lokale rekneskapsførar i Sogn, me har halde til her ved mektige Sognefjorden sidan 1980-talet.
Me er ni tilsette, herav fem statsautoriserte rekneskapsførarar – og alle har lang erfaring.
Lokal tilhøyrigheit og tilgjengelegheit er viktig for oss - Accountor Sogn er 100% lokaleigd. I tillegg har me ressursar og kompetansen til meir enn 2300 kollegaer i sju land med på laget.
Accountor Sogn har eit sterkt engasjement rundt lokal ekspertise. Me har kontor i Vik og Balestrand noko som gjer oss tilgjengelege for bedrifter i heile regionen. Uansett kvar du er, er vi klare til å møta behova dine og tilby tenestene våre der du er. 


Ønskjer du å vere med og utvikle næringslivet? Ser du etter ei stilling med utviklingsmulegheiter – og ser du etter ein arbeidsgjevar som kan løfte deg vidare? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi har ca 200 kundar lokalt og ellers i landet, av ulik storleik og i ulike bransjar – mange spennande oppdrag. Vi ønskjer å styrke vår satsing ytterlegare, og søkjer Statsautorisert Rekneskapsførar eller ein person som er villig til å lære seg faget med bakgrunn i si utdanning.

Kven er du?
Som person er du forretningsorientert, og du blir motivert av å prestere! Vi ser for oss at du er initiativrik, sjølvstendig og ser løysingar der andre ser utfordringar.
Vidare er du positiv, og likar å byggje og ivareta gode relasjonar både med kollegaer og kundar.

Vidare har du:
  • Økonomiutdanning på bachelornivå, med god fagleg innsikt i områda rekneskap, skatt og avgift.
  • God IT-forståing og lett for å forstå og ta i bruk ny teknologi.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring eller administrativ bakgrunn.
Og ikkje minst ønskjer du vidare fagleg utvikling i eit hyggeleg og spennande miljø! Har du særlege kvalifikasjonar er det også aktuelt med ytterlegare ansvar utover det som er utlyst i stillinga.

Kva vil jobben bestå i?
Rekneskap frå a til å, herunder ansvar for
  • Bokføring, dokumentasjon og avstemmingar
  • Rapportering til kundar
  • Årsoppgjer, skattemeldingar og likningspapir
  • Kvalitetsoppfølging av oppdraga
Kva kan vi tilby deg?:

I Accountor blir du ein del av Nord-Europas største kjede innan økonomi- og rådgjevingstenester, i ein bransje som er i ei spennande endring. Du vil få jobbe i eit sterkt fagleg miljø, omgitt av dyktige og framtidsretta kollegaer med ulik bakgrunn.
Vidare kan vi tilby:
  • Interessante og utfordrande oppgåver
  • Mulegheit til å bli Statsautorisert Rekneskapsførar
  • Moderne løysningar til våre kundar og dermed ein meir spennande jobb for våre medarbeidarar
  • Ein jobb som byr på varig personleg utvikling
  • Fleksible arbeidstidsordningar
Vi kan også tilby konkurransedyktige vilkår, eit godt arbeidsmiljø, sosiale arrangement og kollegaer som vil jobbe ilag for å levere framtidas tenester til våre kundar!
Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn din søknad med motivasjonen du har for stillinga, samt oppdatert CV. Vi gler oss til å høyre frå akkurat deg!
Arbeidsstad:
Vi har kontorlokale i Balestrand og i Vik i Sogn. Arbeidsstad vil bli avklart etter ønskje, eventuelt i ein kombinasjon. Kvifor ikkje prøve nye utfordringar i vakre Sogn?

Søknader vert behandla fortløpande. 
 
  • user

    Tittel

    Rekneskapsførar i Vik i Sogn

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Privat

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Accountor Sogn er din lokale rekneskapsførar i Sogn, me har halde til her ved mektige Sognefjorden sidan 1980-talet. Me er ni tilsette, herav fem statsautoriserte rekneskapsførarar – og alle har lang erfaring. Lokal tilhøyrigheit og tilgjengelegheit er viktig for oss - Accountor Sogn er 100% lokaleigd. I tillegg har me ressursar og kompetansen til meir enn 2300 kollegaer i sju land med på laget. Accountor Sogn har eit sterkt engasjement rundt lokal ekspertise. Me har kontor i Vik og Balestrand, noko som gjer oss tilgjengelege for bedrifter i heile regionen. Uansett kvar du er, er vi klare til å møta behova dine og tilby tenestene våre der du er.
  • user

    Tittel

    Rekneskapsførar i Vik i Sogn

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Privat

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Accountor Sogn er din lokale rekneskapsførar i Sogn, me har halde til her ved mektige Sognefjorden sidan 1980-talet. Me er ni tilsette, herav fem statsautoriserte rekneskapsførarar – og alle har lang erfaring. Lokal tilhøyrigheit og tilgjengelegheit er viktig for oss - Accountor Sogn er 100% lokaleigd. I tillegg har me ressursar og kompetansen til meir enn 2300 kollegaer i sju land med på laget. Accountor Sogn har eit sterkt engasjement rundt lokal ekspertise. Me har kontor i Vik og Balestrand, noko som gjer oss tilgjengelege for bedrifter i heile regionen. Uansett kvar du er, er vi klare til å møta behova dine og tilby tenestene våre der du er.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    35624

  • Sist endret

    5. september 2024