Lonna logo
Lonna logo

Psykologspesialist

Allmennpsykiatrisk post Sør Haugaland DPS, Helse Fonna HF

Floravegen 75, 5535 Haugesund7 months siden

Psykologspesialist

Allmennpsykiatrisk post Sør Haugaland DPS, Helse Fonna HF

Floravegen 75, 5535 Haugesund7 months siden

Om stillingen

LES MEIR HER:  BLI PSYKOLOG HOS OSS

 

 

Vi styrker allmennpsykiatrisk døgnpost og søker nå etter psykologspesialist i 100% fast stilling.

Haugaland DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern og rus med opptakskommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Utsira, Bokn, Sveio, Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal. Haugaland DPS har lokaler sentralt i Haugesund og på Karmøy. Vi gir eit breidt behandlingstilbod som favnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, FACT, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.

Her hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggelege kollegaer, og vi vonar nå at du ynskjer å vere ein del av laget vårt. Me verdset høgt eit tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike profesjonane, og har nå psykiater, sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, LIS3 og LIS1 som faste faggrupper. Vår psykologspesialist går over til anna arbeid, og me søkjer no erstatning i viktig stilling på vår eining. Avdelinga har 10 senger kor 1 av desse er kriseseng som benyttes av Akutt ambulant team. Vårt tilbod er primært til vaksne over 18 år allmennpsykiatriske problemstillingar som angst og stemningsliingar.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Psykologfaglege obervasjonar (inkl. utgreiing og testing), vurderingar og behandling.
  • Delta og bidra i teammøte/behandlingsmøte
  • Bidrar i kvalitets- og betringsarbeid
  • Samarbeide med pårørande og aktuelle instansar
  • Halda seg fagleg oppdatert og dessutan bidra til kompetanseheving internt og eksternt
  • Utføra arbeidsoppgåvene i tråd med e-handboka, yrkesetiske retningslinjer Helse Fonna og verdigrunnlaget for psykisk helsearbeid
  • Samhandling med primærhelsetenesta, avdelingar i spesialisthelsetenesta mm.
  • Fortrinnsvis fordjupning i klinisk vaksenpsykologi eller psykolog påbegynt slik fordjuping.
  • Kunne vere vedtaksansvarleg for pasientar på tvunge psykisk hesevern (om ikkje, vil ein legge til rette for vidareutdanning og tileigning av nødvendig kompetanse

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som psykolog
  • At søker er personleg eigna og har relevant erfaring/praksis blir vektlagt
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Erfaring i å vurdere pasientar i høve Lov om Psykisk helsevern / tvunge psykisk helsevern er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og engasjert
  • Tålmodig og evne til å knytte relasjon
  •  Høg grad av etisk- og fagleg ansvarsbevissthet
  •  Fleksibel og gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande avtalar mellom NPF og Helse Fonna, HF.
  • 4 måneders utdanningspermisjon per 5 års periode for spesialister
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.      
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Kontaktinformasjon

Kari Bjelland Wågen, Einingsleiar, +47 90062586

Arbeidsstad

Floravegen 75
5535 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4778984897
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024

  • user

    Tittel

    Psykologspesialist

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

  • user

    Tittel

    Psykologspesialist

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    36103

  • Sist endret

    6. september 2024