Lonna logo
Lonna logo

Er du bioingeniør og vil busetje deg i Hardanger? Bustøtte tilbys for ein god start!

Laboratoriet Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda4 months siden

Er du bioingeniør og vil busetje deg i Hardanger? Bustøtte tilbys for ein god start!

Laboratoriet Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda4 months siden

Om stillingen

Har du lyst å jobbe saman med ein kjekk gjeng i eit godt arbeidsmiljø?

Då må du søkje på stilling hos oss ved Laboratoriet Odda! Vi er ein del av avdeling for laboratoriemedisin i Helse Fonna og er lokalisert i Odda sjukehus.

Sjukehuset vårt er eit akuttsjukehus, noko som gir ein spanande og variert kvardag. Laboratoriet er døgnbemanna og stillinga inngår i vaktordninga med arbeid kvar 4-5 helg. Laboratoriet vårt har fagområda preanalyse og prøvetaking, blodbank, medisinsk biokjemi og mikrobiologi.

Det er stor variasjon i arbeidsoppgåver og du vil rullere mellom dei ulike fagområda. 

Flyttepakke: Reise- og flyttekostnader (inntil 20.000,-). Husleie i 6 måneder (inntil 60.000,-) .

Arbeidstider:  Vi tilbyr gunstige turnusbetingelsar.

Studentar oppfordras til å søkje. 

Ta gjerne kontakt for ein uformell prat, eller berre send inn søknaden din. Vi gler oss til å ønske ein ny kollega velkommen til vårt team!


Arbeidsoppgåver

  • Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
  • Blodprøvetaking
  • Tapping av blod
  • Enkle mikrobiologiske analysar
  • Delta i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

    Hos oss er det viktig at du er:

    • er sjølvstendig og ansvarsbevisst 
    • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
    • er fleksibel og serviceinnstilt
    • bidrar til eit godt arbeidsmiljø
    • er nøyaktig og kan jobbe effektivt og systematisk 

    Vi tilbyr

    • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå  
    • Interessante og varierte arbeidsoppgåver 
    • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
    • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Veiledning med å finne bustad

    Vitnemålsportalen
    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
    Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

    Mangfaldserklæring
    Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Kontaktinformasjon

    Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, randi.djonne@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Sjukehusvegen 10
    5750 Odda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 4826813579
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 06.10.2024

    • user

      Tittel

      Bioingeniør

    • calendar

      Oppstart

      Ikke oppgitt

    • bag

      Type engasjement

      Fast

    • building

      Sektor

      Offentlig

    • clock

      Arbeidstid

      Heltid

    • hieroglyph

      Arbeidsspråk

      Ikke oppgitt

    • grid

      Antall stillinger

      1

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

     

    • user

      Tittel

      Bioingeniør

    • calendar

      Oppstart

      Ikke oppgitt

    • bag

      Type engasjement

      Fast

    • building

      Sektor

      Offentlig

    • clock

      Arbeidstid

      Heltid

    • hieroglyph

      Arbeidsspråk

      Ikke oppgitt

    • grid

      Antall stillinger

      1

    Kontaktperson

    Del annonsen

    Om bedriften

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

     

    Ytterligere informasjon

    • Stillingsnummer

      36573

    • Sist endret

      13. september 2024