Lonna logo
Lonna logo

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Fosterhjemstjenesten i Haugesund, Bufetat

Haraldsgate 94, 5528 Haugesund27 days siden

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Fosterhjemstjenesten i Haugesund, Bufetat

Haraldsgate 94, 5528 Haugesund27 days siden

Om stillingen

Ved Fosterheimtenesten i Bufetat, region vest, avdeling Haugesund, er det ledig 1 fast 100% stilling som rådgjevar/ seniorrådgjevar. Avdeling Haugesund er del av ei regional eining, saman med Stavanger, Bergen og Førde, med til saman ca 61 årsverk.

Hos oss vil du vere del av eit spennande fagmiljø med eit stort og engasjerande samfunnsoppdrag. Fosterheimsområdet er i utvikling, og vi i fosterheimtenesta søkjer derfor ein utadvent, entusiastisk og kreativ kollega, med vilje til å stå på saman med oss.

Vi held til i Haraldsgaten 94 i Haugesund, og i dag er vi 12 tilsette i avdelinga.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene kan vera:

  • Formidling av fosterheim i nært samarbeid med kommunal barnevernteneste, barn og unge, og familiane deira, og iht rutiner. Vi har særleg fokus på å finne fosterheim blant dei som allereie kjenner barnet/ ungdommen.
  • Utadretta verksemd, herunder rekrutteringsaktivitetar for å fremja at fleire familiar blir fosterheim.
  • Rekruttering og opplæring av fosterheimar.
  • Forvaltnings-/dokumentasjonsarbeid.
  • Delta i avdelingas og einingas forbetrings- og utviklingsarbeid.
  • Oppgåvene inneber noko uregelvise arbeidstider.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha relevant høgskule- eller universitetsutdanning (minimum 180 studiepoeng), fortrinnsvis som barnevernspedagog eller sosionom. Relevant vidareutdanning er ønskjeleg.
  • For seniorrådgjevar vert det kravd fullført relevant høgskule- eller universitetsutdanning (minimum 180 studiepoeng), fortrinnsvis med mastergrad.
  • Det vert krevd relevant erfaring frå barnevern, og gjerne frå fosterheimsarbeid.
  • Du må ha god forvaltningskompetanse, gode digitale ferdigheitar og forståing.
  • Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort, klasse B.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er positiv, kreativ, fleksibel og løysingsorientert.
  • Kan ta ansvar, jobbe sjølvstendig og systematisk.
  • Har gode evner til samarbeid, og formidling.
  • Er oppteken av god dokumentasjon.
  • Er oppteken av å læra og bidra til utvikling av tenestene våre. 

For oss er det og viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli teke med i den totale vurderinga.

Vi tilbyr

  • Stillingea  er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 rådgjevar frå kr 565 900 - 667 700 pr. år (ltr 58-68).
  • Stillingskode 1364 seniorrådgjevar frå kr 604 900 - 692 400 pr år (ltr. 62-70).
  • Stillingskode og løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Eit engasjert og spennande fagmiljø med fokus på fagutvikling og samarbeid med gode og erfarne kollegaer. Du får vere med på å løfte arbeidet vårt slik at vi kan gje barn, unge og familiar eit enda betre tilbod.


Opplysningar til deg som søkjer

  • Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er p.t. lagt til Fosterheimtenesta, Haugesund,og ledig frå midten av november.
  • Politiattest må fremleggast ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngis. Vi kontakter deg dersom ønskjet ditt ikkje tas til følgje.
  • Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne sida. Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal lastes opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon avdelingsleiar Heidi Pansegrau tlf 466 18 839 og einingsleiar Mallin Østerhus tlf 466 19 387.

Kontaktinformasjon

Heidi Pansegrau, 46618839

Arbeidssted

Haraldsgate 94
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4851853319
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.10.2024

  • user

    Tittel

    Rådgjevar/seniorrådgjevar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

  • user

    Tittel

    Rådgjevar/seniorrådgjevar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    37094

  • Sist endret

    24. september 2024