Lonna logo
Lonna logo

 Disiplinleiar Maskin

Ulstein Verft AS

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik27 days siden

 Disiplinleiar Maskin

Ulstein Verft AS

Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik27 days siden

Om stillingen

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team? 
Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi søker etter deg som har ei fagleg interesse, og er klar for ei utfordring. Du vil bli ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team, og du får ein innhaldsrik og variert kvardag. Om du ikkje har alle kvalifikasjonane vi er ute etter, vert du likevel oppmoda om å søkje.

Intervju vert gjennomført fortløpande.  

 


Oppgåver du vil jobbe med

  • Koordinere aktivitetar innanfor fagområdet i produksjonen
  • Sørge for at produksjon blir gjort i samsvar med spesifikasjon, på tid og innanfor prosjektet si timeramme
  • I periodar kunne gå inn i rolla som assisterande prosjektleiar med ansvar for koordinering av aktivitetar innanfor fagområde mot produksjonen, teknisk område og innkjøp
  • Støtte og delta i ettermarknadsarbeid
  • Fremme god kommunikasjon og samarbeid i prosjekta 
  • Støtte prosessen med ressursallokering til prosjekta
  • Oppfølging av bortsett arbeid
  • Støtte mot Site Team utland

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Vi ønskjer kome i kontakt med deg som har relevant utdanning som fagskule eller høgskule innan tekniske og maritime fag, og som har god produksjons- og teknisk forståing. Har du relevant erfaring frå leiing - og gjerne innan maritim industri vil det vere ein fordel. Du må også kunne kommunisere både på norsk og engelsk, og det er svært nyttig å ha god systemforståing.

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

Ulstein Verft byr på ein variert jobb, gode kollega og moglegheiter for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. 

I hjartet av Sunnmøre

Om du treng flytte for å jobbe i Ulstein Verft, så er både Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng ein enkelt kan nå til fots, på sykkel eller ski. Og Ålesund er ikkje langt unna. 

Kontaktinformasjon

Vidar Hungnes, Department Manager - Pipe & Machinery, +47 90960746

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

Referansenr.: 4855515376
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024

  • user

    Tittel

    Disiplinleiar Produksjon Maskin

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Privat

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har omlag 400 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

  • user

    Tittel

    Disiplinleiar Produksjon Maskin

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Privat

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har omlag 400 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    37259

  • Sist endret

    10. september 2024