Lonna logo
Lonna logo

Sjukepleiar

Kirurgisk sengepost B Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Parkveien 84, 6412 Molde27 days siden

Sjukepleiar

Kirurgisk sengepost B Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Parkveien 84, 6412 Molde27 days siden

Om stillingen

Vi har ledig 100% vikariat som sjukepleiar frå 01.10.24.
Vi søkjer deg som er ein påliteleg, positiv, engasjert og arbeidsom kollega! 

Kirurgen B omfattar ulike typer fagområde; Ortopedi, Urologi, ØNH og Auge. Sidan seksjonen omfattar ulike fagområde, vil du som sjukepleiar mest sannsynleg oppleve at det er som ein lærerik seksjon, men også at det vil ta litt tid før ein blir utlært.

Vi på kirurgen B er ein inkluderande gjeng med engasjerte og fagleg dyktige sjukepleiarar. I tillegg til sjukepleiar-staben har vi også eit særskilt  godt samarbeid med legane i avdelinga. Fag og kvalitet er nøkkelord, og dette er verdiar vi tilstrebar å jobbe etter i ein hektisk kvardag. Samstundes er eit godt arbeidsmiljø og ei positiv innstilling viktig for trivsel på jobb.
Dersom du tenkjer at du har noko å bidra med og ønskjer deg ein spanande arbeidsplass med flinke og engasjerte kollegaer, søk på stillinga!
Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Vi ber om at relevante attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV. Ved interne omrokkeringar kan gje andre ledige stillingsprosentar. 

Arbeidsoppgåver

Arbeide i tverrfagleg team, både med forskjellige legegrupper, fysioterapeutar, ernæringsfysiolog, farmasøyt og palliativt team

Sørgje for iverksetting og utføring av tiltak knytt til kvar enkelt pasient

Når det gjeld turnus er det behov for sjukepleiar som kan jobbe tre-delt turnus, men søk sjølv om du ikkje kan gå natt

Når det gjeld arbeidshelg er det ei mogelegheit for langvakter kvar 4. helg, men dette er heilt frivillig

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar ved tiltredelse, andre yrkesgrupper kan også søke. 

Beherske norsk munnleg og skriftleg svært godt

Det er ein fordel om du kan beherske fleire språk

Erfaring og kompetanse vert vektlagt

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som har ei interesse for ortopedi og urologi, då dei fleste av pasientane våre er innan desse fagområda

Du må vere imøtekomande og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Du må vere påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegane dine

Personleg eignaheit og erfaring vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Charlotte Råmkes, 71121851, +47 71121851

Arbeidssted

Parkveien 84
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4855515558
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2024

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    37446

  • Sist endret

    30. september 2024