Lonna logo
Lonna logo

Housekeeping supervisor med hotelgen søkjes

Norway`s best AS

5743 Flåm26 days siden

Housekeeping supervisor med hotelgen søkjes

Norway`s best AS

5743 Flåm26 days siden

Om stillingen

Har du hotellgenen? Norway’s best søkjer Housekeeping supervisor til 3 av våre hoteller

Er du klar for neste steg i karrieren i eit av Norges mest spennande reiselivsselskap? Ser du etter ei rolle der du kan vekse?

 

Norway’s best AS står bak mange av dei beste kultur- og naturbaserte opplevingane Norge har å tilby. Gjennom heilskapleg reisemålsutvikling med kunden og berekraftig utvikling i fokus har vi vore med å bygge opp Myrkdalen til Vestlandets mest omfattande skidestinasjon og Flåm til eit av Noregs mest attraktive turistreisemål.

 

No leitar vi etter ein ny kollega til å koordinere den daglege drifta av housekeeping på våre 3 hotell i  reisemål Flåm. Historiske Fretheim Hotel i Flåm (122 rom) vil vere arbeidsstad og base, du vil også koordinere dagleg drift av housekeeping på våre mindre sesongsopne hotell i Flåm (22 rom) og Aurland (30 rom).

Vi ser etter ein person med tidlegare erfaring frå housekeeping, gjerne frå en liknande stilling. Du har hotellgen, og veit kva eit smil og eit hallo betyr for gjesteopplevinga.  Du trivast med å ta ansvar og jobbe sjølvstendig og vert motivert av å sjå andre lukkast.

Du vil jobbe etter allereie eksisterande kvalitetsstandarder, men vi ser samstundes etter ein person som torer å tenke nytt og utfordre. I periodar er det høgt arbeidstempo med korte fristar og endringar, derfor er det viktig at du har evne til å prioritere oppgåver og motivere andre.

Som Supervisor for Housekeeping i Norway’s best veit du at ingen detalj er uviktig, du ønsker å bidra til selskapet sine berekraftsmål og du vert motivert av å skape gode gjesteopplevingar. Du vil rapportere til, og jobbe tett saman med leiar for Rooms Division.

 

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde:

 

  • Bidra til gode gjesteopplevingar
  • Sørge for at daglege rutinar/kvalitetsstandardar blir etterlevd
  • Planlegging av dagleg drift. T.d. vaktplan/innkjøp/fordeling av rom
  • Lære opp nye kollegaer
  • Utforming og revisjon av daglege rutinar
  • Bistå ved rekrutteringsprosessar til avdelinga
  • Delta i dagleg drift, reinhald av rom/felles areal

 

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå Housekeeping
  • Førarkort klasse B
  • Kommunisere godt på Engelsk i tale og skrift (tilsvarande B1 nivå)
  • Godt vant til å bruke PC som arbeidsverktøy (du vil bruke digitale system som serviator, Microsoft office mfl. Dagleg)

 

Vi tilbyr

En spennande stilling i et ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerer seg for menneske og samfunn. Du vert en del av et stolt kollegium i et av Norges leiande reiselivsbedrifter, der vi legg til rette for både personleg og fagleg utvikling. I Norway’s best er vi opptatt av mangfald og inkludering, dette speglar seg i kulturen vår. Dei tilsette vågar å stille spørsmål, kan vere seg sjølv og blir sett og respektert for den dei er.

Nokre av våre gode:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
  • Rabatt og tilbod på Norway’s best sine produkt og aktivitetar
  • Hjelp med å finne bustad

Søknader vil bli handsama fortløpande

Tiltreding: etter avtale

Arbeidsstad: Fretheim Hotel, Flåm

Reising mellom Hotellene i Flåm og Aurland må påreknast i periodar

 

 


Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Hardanger, Lofoten og Oslo. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
  • user

    Tittel

    Housekeeping supervisor

  • calendar

    Oppstart

    Etter avtale

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Privat

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Ikke oppgitt

  • user

    Tittel

    Housekeeping supervisor

  • calendar

    Oppstart

    Etter avtale

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Privat

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Ikke oppgitt

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    38145

  • Sist endret

    11. september 2024