Lonna logo
Lonna logo

Avdelingsleder - nyetablert behandlingsinstitusjon

Regionskontor Region Vest, Bufetat

Sandbrekkevegen, 5225 Nesttun23 days siden

Avdelingsleder - nyetablert behandlingsinstitusjon

Regionskontor Region Vest, Bufetat

Sandbrekkevegen, 5225 Nesttun23 days siden

Om stillingen

Er du glødande engasjert for å utvikle dei beste tenester for barn og unge? Da håper vi at du søker på stilling som avdelingsleiar når vi i Bufetat region vest nå skal starte opp ein ny behandlingsavdeling for ungdommar i alderen 13-18 år. 

Til fast 100% stilling, søker vi deg som er trygg og strukturert og som er god på å nå mål og skape resultat saman med dine tilsette. Du synes det er viktig å ta vare på medarbeidarane dine, og du følgjer opp og bidrar med din motivasjon og ditt engasjement. Som leiar i Bufetat er det viktig at du er grunnleggjande opptatt av kva som gir gode og verknadsfulle tenester til barn og unge. Det inneber blant anna å løfte betydninga av medbestemming, kompetanseutvikling, samarbeid med andre tenester, samt familie/nettverk og systematikk i utviklings- og endringsarbeid. 

Som avdelingsleiar vil du inngå i eininga sitt leiarteam og delta på samlingar med andre leiarar i regionen. Du vil delta på Bufetat sitt leiaropplæringsprogram. 

Avdelinga som opprettast skal gi et behandlingstilbod til 3 ungdommar med alvorleg åtferdsproblematikk. Avdelinga skal arbeide strukturert og målretta rundt den enkelte ungdom etter omsorgs- og endringsmodellen og følgje standardisert forløp for behandlingsinstitusjonar. Du vil få være med å bygge opp og leie ei helt ny personalgruppe på ca 25 tilsette og få bistand til opplæring og rettleiing frå nasjonalt kompetansemiljø og frå regionens egen faglege støtte seksjon.

Arbeidstid er på dagtid (fleksitid). Avdelinga vil være lokalisert på Tveiterås, Fana bydel i Bergen. Oppstart etter avtale. 


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg ansvar fag, økonomi, personal og internkontroll for avdelinga, herunder planlegge og sikre effektiv drift gjennom året. 
  • Være en stadleg leiar med tydelege mål- og resultatansvar.
  • Leie, motivere, og følgje opp dei tilsette. 
  • Overordna ansvar for fagutvikling, samt implementering og oppfølging av faglege modellar.
  • Legge til rette for eit godt arbeidsmiljø og gode arbeidsprosessar samen med dei tilsette. 
  • Legge til rette for godt eit samarbeid med andre viktige instansar som kommune, skule og helsetenester. 

Kvalifikasjonar

Krav:  

  • Minimum fullført bachelor som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar (180 studiepoeng). Anna relevant bachelorgrad kan vurderast, men då i kombinasjon med relevant vidareutdanning og relevant erfaring. 
  • Relevant barnevernfagleg erfaring, gjerne institusjonsdrift.
  • Meget god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Gode IKT ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi. 
  • Førarkort for bil. 

Det er ønskeleg med: 

  • Relevant leiarerfaring, gjerne frå offentleg sektor.
  • Erfaring med personaloppfølging.
  • Relevant vidareutdanning tilsvarande minimum 30 studiepoeng, gjerne master. 

Personlige eigenskapar

Vi søkjer etter deg som:

  • Har gode samarbeidseigenskapar og evne til fleksibilitet og omstilling.
  • Står støtt når nødvendige endringar skal gjennomførast.
  • Engasjerer og motiverer medarbeidarar til kunnskapsbasert arbeid.
  • Har positiv innstilling og er løysingsorientert.
  • Har analytiske ferdigheiter og evne til refleksjon.
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
  • Er robust i en tidvis kompleks, travel og krevande arbeidskvardag 

Personleg eignaheit vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. frå kr 667 700 - 745 000 pr. år. (ltr. 68-74).
  • Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit om tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Ein spanande arbeidsstad, med eit godt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn, unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
  • Høve til å trene inntil ein time i veka i arbeidstida.
  • Godt tverrfagleg miljø.
     

Informasjon til deg som søker

  • Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda bedre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar, nyttar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Bufetat region vest, behandling for ungdom.
  • Politiattest må fremleggas ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggas ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge.

Søknad med CV sendas elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal lastas opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, og tas med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Alette Hilton Knudsen, Stabsdirektør, 91 33 70 60
Hilde Kristin Morken, Seniorrådgiver HR, 46 61 98 69

Arbeidssted

Sandbrekkevegen
5225 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4855261652
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024

  • user

    Tittel

    Avdelingsleder - nyetablert behandlingsinstitusjon

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

  • user

    Tittel

    Avdelingsleder - nyetablert behandlingsinstitusjon

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    39218

  • Sist endret

    13. september 2024