Lonna logo
Lonna logo

Førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar

Energidepartementet

Akersgata 59, 180 Oslo23 days siden

Førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar

Energidepartementet

Akersgata 59, 180 Oslo23 days siden

Om stillingen

Om stillinga

Energidepartementet (ED) søkjer ein fast medarbeidar innan viktige forvaltningsområde innan fornybar energi. Vi har eit viktig samfunnsoppdrag, og hos oss får du høve til å bidra med å utvikle politikken og forvaltninga av energi- og vassressursane.  Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til konsesjonsbehandling av vasskraftverk, og revisjon av eldre konsesjonsvilkår for å betre miljøforhold i vassdrag. Stillinga vil óg gi høve til å arbeide med generelle rammevilkår for vasskraft og forvaltning av vassdrag. 

Stillinga vil vere i Energi- og vassressursavdelinga, i Seksjon for konsesjon, areal og miljø. Seksjonen arbeider med konsesjonsbehandling av vasskraftverk, vindkraftverk, kraftleidningar og andre energianlegg. Vidare med tema knytt til ulike miljøsaker og vern av vassdrag, og har i tillegg ansvaret for departementets arbeid med flaum og skred, klimatilpassing og etatsstyringa av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Seksjonen har omfattande kontakt med andre departement, statleg og kommunal forvaltning, energibransjen og ulike organisasjonar. Seksjonen vil hausten 2024 bli delt i ein seksjon for energikonsesjonar og ein seksjon for vassressursar og naturfare. Stillinga vil bli innplassert på sistnemnde seksjon. 


Arbeidsoppgåver

Vi ser etter deg som har erfaring med, eller er interessert i, kraftsystemet og saksbehandling av utbyggingssaker med avveging av omsyn til produksjon av fornybar energi og ulike miljø- og brukarinteresser. Stillinga vil innehalde arbeid med ulike spørsmål knytt til konsesjonsbehandling og produksjon av vasskraft. Nokre reiser og synfaringar i samband med behandlinga av vassdragssaker må påreknast. 


Kvalifikasjonskrav

Det er krav om master i tekniske, naturfaglege eller rettsvitenskaplege fag med gode resultat. Relevant erfaring knytt til saksbehandling, kompetanse eller interesse innan energi, miljø og offentleg forvaltning vil bli vektlagt. Nyutdanna kan óg søkje.

Stillinga krev evne til å arbeide strukturert og analytisk, evne til å arbeide sjølvstendig, god munnleg og skriftleg formuleringsevne og gode evner til kommunikasjon og å finne løysingar i samarbeid med andre. Mange av oppgåvene har kort tidsfrist, noko som krev fleksibilitet og evne til å prioritere. Vi er opptekne av å ta vare på det gode arbeidsmiljøet vårt, og ser etter deg som bidrar positivt til miljøet rundt deg.


Vi tilbyr

Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Kvardagen i departementet er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, og dette er ei stilling der du utviklar kompetansen din raskt.

Vi tilbyr:

  • Ei stilling som vil gje god oversikt over forvaltninga av Noreg sine vass- og energiressursar
  • Mogelegheit for å påverke viktige avgjerder innan dagsaktuelle tema 
  • Interessante og utfordrande oppgåver i eit tverrfagleg og triveleg arbeidsmiljø
  • Mogelegheit til trening i arbeidstida
  • Fleksibel arbeidstid, lønna overtid og god pensjonsordning
  • Årslønn i spennet kr. 540 500 – 800 000. Ved særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn bli vurdert
  • Kontorstad i regjeringskvartalet i Akersgata 59 i Oslo sentrum, med mogelegheiter for heimekontor innimellom

Generell informasjon

Positiv særbehandling

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, "hol" i CV eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å kunne bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjar oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. 

Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har  funksjonsnedsetjing, "hol" i CV eller innvandrarbakgrunn. Dette  dannar grunnlag for anonymisert statistikk for alle statlege verksemder i sine årsrapportar.

Mangfoldserklæring

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som treng det. Det kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. 

Den som blir tilsett må kunna autoriserast for behandling av informasjon gradert BEGRENSET eller høgare etter tryggingslova.


  • user

    Tittel

    Førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Energidepartementet si hovudoppgåve er å legge til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane. 

  • user

    Tittel

    Førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Energidepartementet si hovudoppgåve er å legge til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane. 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    39766

  • Sist endret

    16. september 2024