Lonna logo
Lonna logo

IKT rådgjevar hybrid infrastruktur

IDI - IKT Kjernedrift, Vestland fylkeskommune

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen5 months siden

IKT rådgjevar hybrid infrastruktur

IDI - IKT Kjernedrift, Vestland fylkeskommune

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen5 months siden

Om stillingen

 Er du dyktig på drift og/eller Azure, og vil du vere med på vidareutvikling av dei skybaserte og onprem tenestene til ein av dei største fylkeskommunane? Vi ser etter ein sjølvstendig og proaktiv person med lidenskap for infrastrukturløysningar.

Seksjon IKT jobbar etter ein hybrid skystrategi og har ansvar for drift av dei fleste IKT-system som vert nytta i Vestland fylkeskommune,
samt infrastruktur som forbinder alle lokasjonane. Det er meir enn 150 ulike IKT system, og brukarar spreidd på fleire titals lokasjonar i fylket.

Seksjon IKT skal ta i vare alle IKT-systema og all IKT-infrastruktur, og sikre at dette har riktig kapasitet, oppetid og teknisk sikring i tillegg til at dei understøttar brukarane og verksemda sitt behov. Seksjonen har totalt 95 medarbeidarar i tillegg til IKT-lærlingar, og er organisert i fire faggrupper; service, tenesteleveranse, systemdrift og kjernedrift.

 


Arbeidsoppgåver

  • Drift, forvaltning og utvikling av onprem portefølje (til dømes VMware, Veeam, server- og lagrings-løysningar) og/eller Azure portefølje (til dømes identitetsstyring via Entra ID, oppsett av applikasjonar og design av nye tenester, grenseflate mot Microsoft 365, lagrings- og compute-løysingar i Azure) 
  • Bidra til kulturbygging rundt infrastruktur som kode, scripting og automatisering 
  • Delta i aktuelle fagteam i grenseflata mot til dømes klient, M365, sikkerheit og prosjektgrupper
  • Vere sentral i den strategiske utviklinga av onprem/Azure- og virtualiseringsplattformane våre slik at dei passar inn i den hybride skystrategien til Vestland fylkeskommune

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha: 

  • Ingeniør-/bachelorutdanning innan IKT-faga. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav 

Det er ein fordel med:

  • Erfaring med drift av forretningskritisk IT-infrastruktur i Azure og/eller onprem
  • Erfaring med drift av backup-miljø i store organisasjonar
  • Erfaring med drift av infrastruktur ved hjelp av skripting og automatisering
  • Kjennskap til ITIL-rammeverket
  • Erfaring frå arbeid med operasjonell og teknisk sikkerheit

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt med fokus på brukarbehov og brukartilfredsheit 
  • Gode samarbeidseigenskapar og ynskje om å understøtte ein delingskultur 
  • Positiv innstilling, flink til å kommunisere og flink i dialogen med menneske
  • Vilje til kontinuerleg fagleg oppdatering og fornying
  • Proaktiv, løysingsorientert og oppteken av å få jobben gjort til rett tid 
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne 

Vi tilbyr

  • Du vil få fagleg utvikling og varierte oppgåver, og vere del av eit kompetent og fagleg miljø som har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane og tilsette i Vestland fylkeskommune
  • Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement
  • Stillingsnemning ingeniør/rådgjevar/spesialkonsulent fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og erfaring
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune
  • Gode forsikring- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Faglege utfordringar og stimulerande arbeidsmiljø

 

Verdt å merke seg

 

Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk.

Arbeidsplass på Leikanger eller i Bergen. 

Litt reiseaktivitet må påreknast, men det daglege samarbeidet vil vere i digitale møterom.

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

 

Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli
offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste.
Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.

 

 

Kontaktinformasjon

Espen Storetvedt, leiar, 93092559

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4814659376
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024

  • user

    Tittel

    IKT rådgjevar hybrid infrastruktur

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
  • user

    Tittel

    IKT rådgjevar hybrid infrastruktur

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    40923

  • Sist endret

    17. september 2024