Lonna logo
Lonna logo

Stipendiat i reservoarfysikk

Universitetet i Bergen

Christiesgt. 18, 5020 Bergen19 days siden

Stipendiat i reservoarfysikk

Universitetet i Bergen

Christiesgt. 18, 5020 Bergen19 days siden

Om stillingen

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Ph.d.-stipendiat i reservoarfysikk med fokus på mikrobielle effektar ved undergrunnslagring av hydrogen 

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i reservoarfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til finansiering frå Universitetet i Bergen.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hydrogen er ein potensielt viktig energiberar med låge karbonutslepp, og det er forventa at behovet for storskala undergrunnlagring av hydrogen (UHS) i geologiske formasjonar vil spele ei viktig rolle for å balansere energiforsyninga -og etterspurnaden. Men mikroorganismar i undergrunnen kan bruke den lagra hydrogengassen som ein elektrondonor, noko som kan føre til driftsrisikoar, tap av gass, redusert gasskvalitet, indusert korrosjon og endringar i eigenskapane til reservoaret. Storskala hydrogenlagring i porøse reservoar krev difor ei omfattande og grunnleggande forståing av  korleis og i kva grad mikrobielle prosessar påverkar undergrunnslageret, og i tillegg samspelet mellom mikrobielle, geokjemiske og flytdynamiske prosessar.

Ph.d.-stipendiaten vil vere involvert i det EU-finansierte prosjektet HyDRA – Diagnostic tools and Risk protocols to Accelerate underground Hydrogen storage. Prosjektet har som mål å utføre forsking på og karakterisere mikrobielle interaksjonar på ulike europeiske lagringsstadar for å vurdere potensielle risikoar ved UHS. HyDRA-konsortiet har 9 internasjonale forskingspartnarar og over 10 energiselskap som partnarar. Ph.d.-kandidaten vil jobbe i eit tverrfagleg forskarteam, med fokus på å bruke multiskala eksperimentelle metodar for å studere mikrobiellaktivitet og biogeokjemiske reaksjonar under dynamisk hydrogenflyt. Ph.d.-studenten vil samarbeide med topprangerte internasjonale universitet i konsortiet og ha moglegheiter for forskingsutveksling. Ph.d.-studenten vil også regelmessig samarbeide med industripartnarar i HyDRA-prosjektet og ta aktiv del i eit breitt  profesjonelt nettverk innan anvendt forsking.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i reservoarfysikk, kjemisk prosessteknologi, geologi, anvendt petroleumsteknologi eller anna relevant fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 31.12.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Laboratorieerfaring frå porøse medier knytt til fysikk og/eller kjemi er eit krav.
  • Kunnskap om strømning- og transportprosessar i porøse medier er eit krav.
  • Erfaring frå eit eller fleire av dei følgjande felta er ein fordel: geokjemi, mikrofluidikk, undergrunnsmikrobiologi, karbonlagring eller hydrogenlagring.
  • Praktisk erfaring med bildebehandling ved bruk av Python, MATLAB eller maskin-/djuplæring er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. 


For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet  ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 31.12.2024).
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • innlevert masteroppgave (eller en to-siders beskrivelse hvis den ennå ikke er levert) og eventuelle publikasjoner i ditt navn som du ønsker å få vurdert. Hvis oppgaven ikke er skrevet på et skandinavisk språk, eller et av de store europeiske språkene (engelsk, fransk, spansk, nederlandsk eller tysk), må et to-siders sammendrag på engelsk legges ved. 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: (tittel, namn, arbeidsstad og telefonnummer)

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

Dr. Na Liu, Institutt for fysikk og teknologi (Na.Liu@uib.no) eller Professor Martin Fernø, Institutt for fysikk og teknologi (Martin.Ferno@uib.no). 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgivar Thea Thingnes (Thea.Thingnes@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


  • user

    Tittel

    Stipendiat i reservoarfysikk

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Åremål

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

  • user

    Tittel

    Stipendiat i reservoarfysikk

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Åremål

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    41033

  • Sist endret

    18. september 2024