Lonna logo
Lonna logo

Sakshandsamar byggesak - 100% fast

Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal21 days siden

Sakshandsamar byggesak - 100% fast

Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal21 days siden

Om stillingen

Vi treng fleire med oss på laget! Kvinnheringar har mange byggeprosjekt og idear, og vårt mål er å gje raske, gode og kvalitetssikra vedtak. Då treng vi fleire dyktige medarbeidarar.

Avdeling Byggesak og geodata søker etter sakshandsamar i 100 % stilling. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til sakshandsaming av bygge- og delingssaker, tilsyn og andre oppgåver innan avdelinga sine fagområde.

Avdelinga har eit breitt fagfellesskap med dyktige tilsette innan bygge – og delingssaker, oppmåling og miljøretta helsevern, og vi er i dag organisert saman med plankontoret.

 

Byggesak arbeider mellom anna med desse oppgåvene:

Vi handsamar delegerte byggesaker etter plan- og bygningslova, klagesaker og vi lagar saksframlegg til politisk handsaming. Vi gjennomfører tilsyn i byggesaker og  har ulovlegoppfølging av tilhøve som ikkje er i tråd med lov, forskrift og plan.

Vi har førehandskonferansar og vi bidreg internt til ulike avdelingar, men særleg til plan, teknikk og miljø.

Vi ynskjer oss ein kollega med god kompetanse og stort engasjement og som har lyst til  å arbeida i eit spennande fagfelt. Vi har eit godt og triveleg arbeidsfellesskap som har plass til endå fleire.

Når du arbeider hjå oss vil du koma borti saker frå heile kommunen, du vil få bruk for evna di til å setja deg inn i nye oppgåver og.  Du vil bli del av eit team som deler kunnskap og hjelper kvarandre å finna gode løysingar. Du må kunna jobba sjølvstendig, særleg i periodar med høgt tempo og mange saker.  

 

Faglege og personlege kvalifikasjonar:

- Utdanning på bachelor eller masternivå;  til dømes som ingeniør eller innan rettsvitskap eller liknande relevant fagområde. Relevant erfaring kan vega opp for manglande formell utdanning.

- Det er ein fordel med erfaring frå kommunal forvaltning, men naudsynt opplæring vil bli gitt.

- God kjennskap til plan- og bygningslova og forvaltningslova.

- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

- Førarkort

Arbeidet krev god organisering og høg grad av sjølvstendig arbeid, og personlege eigenskapar vil vere stor del av vurderinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    41758

  • Sist endret

    19. september 2024