Lonna logo
Lonna logo

Bioingeniør i grunnstilling ved laboratoriet på Voss sjukehus

Laboratorieklinikken, Helse Bergen

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss21 days siden

Bioingeniør i grunnstilling ved laboratoriet på Voss sjukehus

Laboratorieklinikken, Helse Bergen

Sjukehusvegen 16, 5704 Voss21 days siden

Om stillingen

Søker du ein jobb med stor variasjon innan fleire fagfelt, gode utviklingsmoglegheiter og eit godt arbeidsmiljø?

Då har vi det perfekte tilbodet for deg!

Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig ein spanande stilling som bioingeniør, og vi søkjer ein dyktig og engasjert person som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein variert og spanande arbeidskvardag med stor fagleg breidde, eit godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med andre profesjonar på sjukehuset.

Laboratoriet er døgnbemanna, og stillinga inngår i tredelt turnus og arbeid 3. kvar helg. Aften- og nattevakter er aleinevaktar. Turnus vert sett opp i samarbeid med dei tilsette, og du vil kunne kome med innspel på vakt- og helgefordelinga i denne. Laboratoriet er akkreditert etter ISO-standard 15189.
Laboratoriet på Voss sjukehus er organisatorisk under MBF og Laboratorieklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus. Stillinga er 100% fast tilknytt laboratoriet ved Voss sjukehus.

Mogelegheit for delt stilling mellom MBF-HUS og MBF-Voss kan vurderast. Dette krev minimum 50% stilling ved MBF-Voss med arbeid på dag kvardag og dag kvar 3. helg.

Voss er ein kommune i Vestland fylke omkransa av flott natur med moglegheit for mange ulike aktivitetar, mellom anna turar i fjellet, rafting, paragliding, alpint og rideturar. Voss herad har om lag 16 000 innbyggjarar og har eit rikt kulturliv med mange festivalar som Vossajazz, Osafestivalen og Ekstremsportveko. I juni vert Voss Cup arrangert, ein av Noregs største barneturneringar i fotball. 

Kommunen er i vekst og står framfor ei utvikling i åra som kjem. Vossevangen er eit trafikknutepunkt for veg og jernbane. Voss ligg sentralt i forhold til Bergen og fleire destinasjonar på Vestlandet. Per i dag er reisetid til Bergen med tog om lag 1 time og 15 minutt, med bil om lag 1 time og 35 minutt.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. For meir informasjon om sjukehuset, les her

Stillinga vil ha oppstart 02.01.2025. Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Analysearbeid innan klinisk kjemi/immunassay, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
  • Hurtigtestar innen mikrobiologi
  • Tapping av blodgjevarar
  • Blodprøvetaking
  • Rettleiing av studentar

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonsevner og serviceinnstilt
  • Må trivast i eit aktivt miljø
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er målretta, og får oppgåvene gjort

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Flytte- og/eller bustadgodtgjersle på inntil kr 40 000,- fyrste 12 månader. Bolig på Voss ved delt stilling
  • Rekrutterings- og beholder tillegg på kr 50 000,-. Tillegget blir regulert prosentvis etter stillingsstørrelse og er eit åreleg tillegg på topp av løn etter overeinskomst
  • Kompetansetillegg på kr 15 000,- ved oppstart av aleinevakter
  • Spennande jobb saman med gode kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit for delt stilling mellom MBF i Laboratoriebygget og MBF Voss



Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Camilla Ormberg Nyegaard, Konstituert seksjonsleiar, 97050457, camilla.ormberg.nyegaard@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4853121941
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024

  • user

    Tittel

    Bioingeniør

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

  • user

    Tittel

    Bioingeniør

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    41850

  • Sist endret

    24. september 2024