Lonna logo
Lonna logo

Tryggleiks- og beredskapsrådgivar

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

3530 Røyse15 days siden

Tryggleiks- og beredskapsrådgivar

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

3530 Røyse15 days siden

Om stillingen

Brenn du for tryggleik? Direktoratet for sammfunnstrygleik og beredskap (DSB) søkjer ein engasjert og sjølvstendig medarbeidar til ei spennande stilling ved lokalitetane i Hole kommune. Som tryggleiks- og beredskapsrådgivar vil du ha varierte arbeidsoppgåver og særleg ansvar innanfor systematisk tryggleiksarbeid i ein krevjande tryggleikspolitisk situasjon. Då stillinga er nyoppretta, vil ansvarsområda og arbeidsoppgåvene vere under utvikling. Vi ser etter deg som har god tryggleiksforståing og er i stand til identifisere nødvendige oppgåver og tiltak innanfor eige fagfelt. 
 
Du skal
  • vidareutvikle og forvalte lokale beredskapsplanar og styringssystem for tryggleik   
  • inneha rolla som lokal tryggleiksleiar 
  • ha eit særleg ansvar for det systematiske tryggleiksarbeidet  
  • ha særleg ansvar når det gjeld verdivurdering og sikrings-ROS for skjermingsverdige objekt/infrastrukturar og informasjonssystem 
  • bidra til tryggleiksopplæring av tilsette  
  • assistere ved tryggleiksgraderte anskaffingar og prosjekt 
  • forvalte lokale tryggleikssystem (fysiske og elektroniske sikringstiltak) 

  
Kvalifikasjonar
 
Du må ha:
  • mastergrad frå relevant fagområde, fortrinnsvis innanfor tryggleiks- og beredskapsfag. Bachelorgrad kombinert med relevant erfaring vil kunne kompensere for manglande mastergrad. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne 
  • førarkort klasse B 
  • følgjande personlege eigenskapar: 
    • sjølvstendig 
    • gode kommunikasjonsevner 
    • strukturert 
    • lagspelar  
    • analytisk 

 
Vi ønskjer at du har:
  • relevant erfaring innanfor førebyggjande tryggleiks- og beredskapsarbeid knytt opp mot tryggleikslova med forskrifter   
  • erfaring med personelltryggleik og objektsikring (derimellom fysisk og elektronisk sikring)  
  • kunnskap om og/eller erfaring med tryggleikskrav til samfunnskritiske funksjonar  
  • erfaring frå tryggleiksleiing eller utvikling av styringssystem for tryggleik og risikostyring  
  • kunnskap om og/eller erfaring med NSM-grunnprinsippa for IKT-tryggleik 

 
 
Vilkår
Fast stilling som rådgivar (stillingskode 1434) med årsløn frå kr 635 400 til 692 400 (lønstrinn 65–70) , eller som seniorrådgivar (stillingskode 1364) med årsløn frå kr 692 400 til 759 100 (lønstrinn 70–75) 
 
Tryggleiksklarering
Den som får tilbod om stillinga, må vere klarert til nivå HEMMELEG i tråd med tryggleikslova før tiltreding. 
 
Om stillinga
Som tryggleiks- og beredskapsrådgivar skal du vidareutvikle og forvalte lokale styringssystem for tryggleik og beredskap for å støtte opp under den operative tryggleiken ved lokalitetane i Hole kommune. Du vil inngå i eit team med engasjerte og dyktige medarbeidarar. Du vil jobbe med oppgåver med stor fagbreidde innanfor eit miljø i utvikling. Heimevaktordning kan inngå i stillinga.   
Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert og oppteken av samfunnstryggleik.  
Du må jobbe godt i team, samstundes som du evnar å jobbe sjølvstendig. Stillinga krev at du er løysingsorientert i arbeidet. Du må ha relevant kompetanse, vere strukturert og analytisk, ha gode haldningar til HMS og vere ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet.  
Stillinga krev at du er fysisk skikka til å gjennomføre arbeidsoppgåvene.  
 
 
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
 
 
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
 
 
Hos oss får du
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
  • fleksibel arbeidstid
  • bedriftshelseteneste
  • høve til å trene i arbeidstida
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

  
 
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
 
 Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. DSB vil vurdere å gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
 
 
Ikkje nøl med å ta kontakt!
 
For faglege spørsmål, ta kontakt på telefon 48 11 83 82
 
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!
 
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Ikke oppgitt

  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Ikke oppgitt

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    42024

  • Sist endret

    20. september 2024