Lonna logo
Lonna logo

Overlege i nyresjukdommar  

Klinikk for medisin Haugesund og Odda sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund21 days siden

Overlege i nyresjukdommar  

Klinikk for medisin Haugesund og Odda sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund21 days siden

Om stillingen

Haugesund sjukehus har klinikkar for medisin (inkludert barn og nyfødd), kirurgi (inkludert føde/gyn og fertilitet) psykiatri, og medisinsk service (inkludert akutt, radiologi, klinisk kjemi og patologi). Medisinsk klinikk dekker indremedisin med greinspesialistar i fleire fagområder, nevrologi, smittevern, rehabilitering, lærings- og meistringssenter og geriatrisk eining. Klinikken er godkjend som utdanningsavdeling for indremedisin, nyresjukdomar, kardiologi, lungesjukdomar, gastroenterologi, blodsjukdomar, endokrinologi og geriatri. Innan indremedisin har vi 16 legar i spesialisering og 20 overlegestillingar.

Haugesund sjukehus har no ledig ei fast stilling som overlege innan nyresjukdomar. Dersom det ikkje melder seg søkjarar som er/kan bli spesialist i nyresjukdomar, kan det vere aktuelt å tilsetje ein overlege innan indremedisin.

Fagområdet nyresjukdomar er organisert under Seksjon for gastroenterologi og nyremedisin. Seksjonen har 12 sengeplassar (omtrent 6 nyrepasienter og 6 gastroenterologiske pasienter). I tillegg er det dialyseavdeling med hemodialyse (for tida om lag 40 pasientar), peritoneal dialyse (for tida om lag 10 pasienter) og seksjonen har også ansvaret for tilsyn med dialyseavdelingen ved Odda Sjukehus og ved dialyse-satellitt i Sauda.

Det er ein omfattande poliklinisk drift. Totalt sett dekkjer seksjonen det aller meste av fagfeltet nyresjukdomar med bred nyremedisinsk aktivitet, akutt og kronisk dialyse, månedlige nyrebiopsimøter, plasmaferese og lipidaferese.

Det er for tida tilknytta ca 2 overlegestillingar til seksjonen og 2 legar i spesialisering. Det er ikkje organisert eigen ordning for dialysevakt. Det er ein omfattande forskningsaktivitet ved seksjonen og to legar i avdelingen arbeider med PhD prosjekt. 

Vi ser fram til å motta din søknad!


Arbeidsoppgåver

  • Klinisk tjeneste på post, dialyse og i poliklinikk..
  • Deltaking i felles indremedisinsk overlegevakt, for tida 16 delt. 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein overlege som er godkjend spesialist i indremedisin og/eller nyresykdommer. 
  • Legar som er i utdanning og kan få slik spesialistgodkjenning innan 1-2 år er velkomne til å søkje.
  • Utdanningsretning: Medisin.
  • Gode norskkunnskaper er helt avgjørende for forsvarlig pasientbehandling. Søkere som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikke har fullført norskspråklig videregående skole, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annen norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må legges ved søknaden. Ved ansettelse av allerede fast ansatt i foretaket kan man unntaksvis, i særlige tilfeller, fravike kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein overlege i nyresykdommer som ønsker å arbeide tett på pasientane og utvikle faget i eit godt kollegialt miljø.     
  • Gode samarbeidsevner vil bli vektlagt.
  • Personlege eigenskaper vil bli tillagt avgjerande vekt.

Vi tilbyr

  • Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale.
  • Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå.
  • Legger til rette for og prioriterer forsking og utvikling.
  • Seksjonen har organisert internundervisning i nyresjukdommar.
  • Andre opplysninger: Ingen reiseverksemd

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

 Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Aase Pauly Nevland, Avdelingsleiar

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4852413465
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2024

  • user

    Tittel

    Overlege i Nyresykdommer

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller skandinavisk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

  • user

    Tittel

    Overlege i Nyresykdommer

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller skandinavisk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    42050

  • Sist endret

    20. september 2024