Lonna logo
Lonna logo

Tryggleikskonsulent

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

3530 Røyse15 days siden

Tryggleikskonsulent

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

3530 Røyse15 days siden

Om stillingen

DSB har ledig 100 % fast stilling som tryggleikskonsulent ved lokalitetane i Hole kommune.
 
 
Du skal
  • jobbe med personellkontroll/tilgangskontroll 
  • vareta tryggleiksrutinar 
  • ha kontakt med og rapportere til andre relevante offentlege etatar 
  • overvake og følgje opp elektroniske sikrings- og varslingssystem 

  
Kvalifikasjonar
 
Du må ha:
  • fagbrev og relevant erfaring eller minimum eitt års utdanning frå høgskole/universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
  • erfaring frå ein tryggleiks- eller beredskapsorganisasjon 
  • god digital kompetanse 
  • kjennskap til fysiske og elektroniske sikringstiltak 
  • førarkort klasse B 
  • følgjande personlege eigenskapar 
    • sjølvstendig 
    • ansvarsmedviten  
    • strukturert 
    • lagspelar 
    • gode kommunikasjonsevner 

 Vi ønskjer at du har:
  • bakgrunn frå og erfaring med systematisk tryggleiksarbeid 
  • gjennomført førstegongsteneste 
  • utdanning innanfor politiet/forsvaret 

 Vilkår
Fast stilling som konsulent (stillingskode 1065) med årsløn frå kr 524 700 – 565 900 (lønstrinn 53–58), turnustillegg etter HTA. 
 
Tryggleiksklarering:
Den som får tilbod om stillinga må kunne tryggleiksklarerast til nivå HEMMELEG før tiltreding. 
Om stillinga
Som tryggleikskonsulent skal du bidra til å vareta den operative tryggleiken ved lokalitetane våre i Hole kommune. Du vil inngå i eit team med engasjerte og dyktige medarbeidarar. Du vil jobbe med oppgåver med stor fagbreidde innanfor eit operativt miljø i utvikling. Stillinga inngår i turnusteneste.  
 
Vi ser etter deg som er samfunnsengasjert og oppteken av samfunnstryggleik. I tillegg må du vere ansvarsbevisst, påliteleg og i stand til å jobbe effektivt sjølvstendig. Du må ha relevant kompetanse, vere teknisk og praktisk retta, ha gode haldningar til HMS og vere ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet. Stillinga krev at du er fysisk skikka til å gjennomføre arbeidsoppgåvene. Vi legg vidare vekt på at du er personleg skikka.  
 
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
 
 
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
 
 
Hos oss får du
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
  • bedriftshelseteneste
  • høve til å trene i arbeidstida

  
 
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
 
 
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. DSB vil vurdere å gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
 
 
Ikkje nøl med å ta kontakt!
 
For faglege spørsmål, ta kontakt på telefon 48 11 83 82
 
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!
 
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Ikke oppgitt

  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Ikke oppgitt

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    42075

  • Sist endret

    20. september 2024