Lonna logo
Lonna logo

Psykolog/ psykologspesialist

Familievernkontoret for Bergen og omland, Bufetat

Solheimsgaten 13, 5058 Bergen15 days siden

Psykolog/ psykologspesialist

Familievernkontoret for Bergen og omland, Bufetat

Solheimsgaten 13, 5058 Bergen15 days siden

Om stillingen

Ved Bergen og omland familiekontor, utvider me staben, og har ledig to faste stillingar i 100 % som psykolog/psykologspesialist. Hos oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av vårt viktige samfunnsoppdrag.

Bergen og omland familiekontor har lokasjonar i Bergen, på Stord, og i Odda, med utekontor på Voss og Husnes. Arbeidsstad for stillingane er Bergen.

Kontora har til saman omlag 38 tilsette med utdanning som familieterapeutar, psykologar/psykologspesialistar, og tilsette med kontorfagleg kompetanse. Familievernet gir tilbod til familiar, par og barn som sjølv oppsøker tenesta med ulike typer relasjonsproblem. Tenestetilbodet består av familie og parterapi, grupper, kurs, mekling og bistand til foreldresamarbeid der foreldre ikkje bur saman. Familievernet utfører lovpålagt mekling mellom foreldre med formål om å hjelpe dei til å finne gode løysingar for barn etter samlivsbrot.

Familievernet er i utvikling og eit av satsingsområda er å auke barn si medverknad i eige liv gjennom familievernets tenestetilbod.


Arbeidsoppgåvar

I familievernet vil du arbeide med:

  • Terapi og rådgiving for familiar og par med samlivs- og relasjonsvanskar.
  • Foreldrerettleiing.
  • Å auke barns medverknad gjennom familiesamtalar og samtalar med barn/ungdom.
  • Arbeid med mekling for foreldre etter ekteskaps- og barnelova.
  • Samvær med støtta tilsyn.
  • Kurs og gruppar
  • Intern fagutvikling i samarbeid med kollega.
  • Administrative/andre oppgåver knytta til drift av kontoret.

Kva slags bakgrunn har du? 

Krav til stillinga:

  • Profesjonsutdanning i psykologi og godkjenning som psykolog eller psykologspesialist.
  • Relevant arbeidserfaring med barn, ungdom og familiar etter utdanninga.
  • Gode kliniske ferdigheiter.
  • God IT-kompetanse.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

Kven ser vi etter?

Du har:

  • Evne til å møte menneske i ein vanskeleg livssituasjon på ein respektfull, tydeleg, varm, god og trygg måte.
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • God arbeidskapasitet.
  • Evne til sjølvleiing og fleksibilitet.
  • Interesse for og evne til å møte faglege utfordringar.

Personleg eignaheit og samansetjing av personalgruppa vil bli vektlagd.

Grunna behov for kjønnsmessig balanse i personalsamansetjing oppmodas  menn til å søkja.

Kva får du hos oss?

  • Stillinga som psykolog/psykologspesialist er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr  624 500 - 692 400 pr. år (ltr. 64 -70), stillingskode 0795 spesialpsykolog, p.t. kr 667 700 - 759 100 pr. år (ltr. 68 - 75), eller stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 745 000 - 845 900 pr. år (ltr. 74-79).
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Vi kan også tilby:

  • Løyve til å trene ein time pr. veke i arbeidstida
  • Fleksibel arbeidstid innanfor bestemte rammer
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø

Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, noko vi meiner har ein stor verdi i seg sjølv 

 

Informasjon til deg som søkjer

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Bergen og omland familiekontor, lokasjon Bergen.
  • Vi ønskjer lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom
    personalsamansetninga er viktig.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting.  Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Vibeke Heitmann, 46619259

Arbeidssted

Solheimsgaten 13
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4861569225
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2024

  • user

    Tittel

    Psykolog/psykologspesialist

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    2

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

  • user

    Tittel

    Psykolog/psykologspesialist

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    2

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    42352

  • Sist endret

    20. september 2024