Lonna logo
Lonna logo

Vi søkjer sjukepleiar på natt 

Psykosepost, Valen sjukehus

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen20 days siden

Vi søkjer sjukepleiar på natt 

Psykosepost, Valen sjukehus

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen20 days siden

Om stillingen

Vil du bidra i behandlingen av pasientar med psykoseproblematikk? Psykoseposten ved Valen sjukehus, som er ein integrert del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, tilbyr spesialisert behandling for opptil 9 pasientar. Me tar imot planlagde innleggingar basert på søknad.

Vi har ledig stilling for sjukepleiar, og du ønskes velkomen til å søkje!


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiar med natt-teneste på døgnpost.
  • Sjukepleiar skal gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
  • Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Vere initiativrik, interessert og ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Tilpasningsdyktig og kunne takle stressande situasjonar med ro og fagleg gode haldningar

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
  • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs
  • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon
  • Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing
  • Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.

 

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Britt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder Pleie, +47 53466473

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4862036269
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 04.11.2024
Søknadsfrist: 13.10.2024

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar

  • calendar

    Oppstart

    4. november 2024

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar

  • calendar

    Oppstart

    4. november 2024

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    42369

  • Sist endret

    20. september 2024