Sjukepleiar
Psykosepost Valen Sjukehus
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen20 days siden
Sjukepleiar
Psykosepost Valen Sjukehus
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen20 days siden
Om stillingen
Vil du bidra i behandlingen av pasientar med psykoseproblematikk?
Psykoseposten ved Valen sjukehus, som er ein integrert del av Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, tilbyr spesialisert behandling for opptil 9 pasientar. Me tar imot planlagde innleggingar basert på søknad.
Me ha ledig stilling for sjukepleiar, og du ønskes velkomen til å søkja!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar som treng behandling i døgnpost
- Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
- Utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar
- Rettleingsansvar for studentar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Det er ønskjeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- Du er tilpasningsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning
- Du trivest i eit aktivt og travelt miljø
- Du er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du etterspør rettleiing
- Er lojal i forhold til avgjerdsler
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Britt Mari Ludvigsen, Funksjonsleder Pleie, 53466473Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4862028916
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 16.12.2024
Søknadsfrist: 20.10.2024
Tittel
Sjukepleiar, Psykosepost Valen
Oppstart
16. desember 2024
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Tittel
Sjukepleiar, Psykosepost Valen
Oppstart
16. desember 2024
Type engasjement
Fast
Sektor
Offentlig
Arbeidstid
Heltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Kontaktperson
Del annonsen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Ytterligere informasjon
Stillingsnummer
42374
Sist endret
20. september 2024