Lonna logo
Lonna logo

Seksjonsleiar

Felles ening for påtale, Felles straffesaksinntak

Allehelgens gate, 5016 Bergen15 days siden

Seksjonsleiar

Felles ening for påtale, Felles straffesaksinntak

Allehelgens gate, 5016 Bergen15 days siden

Om stillingen

I Vest politidistrikt er det ledig ei vikariat stilling som politiinspektør (0290) med funksjon som seksjonsleiar ved Felles straffesaksinntak (FSI), Felles eining for påtale. Vikariatets varigheit er ut august 2025, med mogeligheit for forlenging.

Felles straffsaksinntak har påtaleansvar for saker i heile politidistriktet frå oppretting av sak og fram til saker er fordelte/silt til anna eining. Seksjonen skal sørgja for at alle mottekne og tekne meldingar i politidistriktet blir gitt riktig prioritert og handtert i den innleiande fasen. For å vareta dette har FSI ansvar for å  utøva jourtjenesten, sila og prioritera og påtaleavgjøre saker.

Seksjonsleiar vil vere ein del av leiargruppa til leiar for Felles eining for påtale, saman med seks andre seksjonsleiarar. Seksjonen består i dag av 13 dyktige og engasjerte juristar. Det er eit godt arbeidsmiljø blant juristane, med ein hektisk arbeidskvardag og med mange, til dels krevjande, saker.

Stillinga er plassert i Bergen.


Arbeidsoppgåver

  • Personal-, resultat-, budsjett- og HMS-ansvar for seksjonen/eininga
  • Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing ved seksjonen spesielt og i organisasjonen generelt
  • Medverke til at fagområdet inngår i politiet sitt strategiske arbeid og verksemdsplanleggjing
  • Prioritere oppgåver i samsvar med overordna føringar og verksemdsplanar
  • Følge opp strategiske beslutningar og iverksette/ beslutte endringer innan eiga fagområde
  • Som leiar av seksjonen skal du utøve dagleg tryggleiksmessig leiing. Du skal rettleie og følgje opp dine tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tar hand om tryggleiken ved seksjonen.
  • Ansvar for utviklingsarbeid, endring og fornying av straffesakshandsaminga
  • Bidra til å driva førebyggande arbeid gjennom straffesakshandtering
  • Ansvar for systematisk kvalitetskontroll og oppfølging av den samla straffesaksporteføljen innan sitt ansvarsområde
  • Bidra til god samhandling med andre interne og eksterne aktørar
  • Systematisk oppfølging av kvar enkelt påtalejurist porteføljehandteringa si
  • Sørgje for at påtalejuristane utøvar si verksemd i tråd med kravet i lova, god påtaleskikk og påtalemakta sine etiske retningslinjer
  • Leggja til rette for god påtalefagleg leiing av etterforskinga
  • HMS-ansvar
  • Jourtjeneste kan bli pålagt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Juridisk embetseeksamen/Master i rettsvitskap
  • Brei juridisk kompetanse innan påtalefeltet
  • Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis frå universitet eller høgskule
  • Leiarerfaring blir vektlagd og kan i særskilde tilfelle kompensera for manglande leiarutdanning
  • Kunnskap og erfaring med HMS
  • God skriftleg og munnleg framstilling på norsk
  • God IT- og systemkompetanse

Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41

Ønskeleg:

  • God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet vert vektlagt
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar vert vektlagt
  • Kunnskap om personal- og økonomistyring er ein fordel
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg regelverk er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å setje retning, drive endring og motivera sine medarbeidarar
  • Evne til handla i eit strategisk og heilskapleg perspektiv, og bidra til god verksemdsutvikling
  • Vere sjølvstendig og vedtaksfør med evne til å treffa avgjerder
  • Vere mål- og resultatorientert
  • Gode kommunikasjonsevner og vere ein god relasjonsbyggjar både internt og eksternt
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her:

https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/ 

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politien i framtida
  • Stillinga blir lønna som politiinspektør (stillingskode 0290) med funksjon som seksjonsleiar i spennet frå ltr 86/ kr 1.025.200,- brutto pr. år til ltr 89/ 1.102.200,- brutto per år.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no )

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr.: 24/204367

Kontaktinformasjon

Gunnar Fløystad, Påtaleleiar, 92462457
For spørsmål om elektronisk søknad/ CV, Kontakt Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate
 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt

Referansenr.: 4857964336
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 06.10.2024

  • user

    Tittel

    Seksjonsleiar for Felles straffesaksinntak

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.


  • user

    Tittel

    Seksjonsleiar for Felles straffesaksinntak

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.


Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    42633

  • Sist endret

    20. september 2024