Lonna logo
Lonna logo

Ønskjer du ei fagstilling innan etterretning?

Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking - Seksjon for etterretning og analyse, Møre og Romsdal politidistrikt

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund15 days siden

Om stillingen

Vil du vere med på å styrkje innsatsen mot å identifisere kriminelle gjengar og kriminelle nettverk og lage kunnskapsprodukt slik at politiet kan jobbe kunnskapsstyrt, strukturert, målretta og effektivt?

Vi ser etter ein etterretningsmedarbeidar som kan auke kapasitet og kompetanse innanfor dette og søkjer deg som er strukturert, analytisk og god på samarbeid.

Etterretningsfunksjonane skal levere etterretningsprodukt og avgjerdsstøtte som bidra til at politiet arbeider kunnskapsstyrt og dermed meir strategisk, målretta og effektivt. Dette skal vidare bidra til betre prioritering av innsats og disponering av ressursar.

Produkta frå etterretningsfunksjonane skal også bidra til auka kunnskap og forståing, og dermed redusert uvisse ved avgjerd av tiltak mot kriminalitet og uønskte og ekstraordinære hendingar innanfor alle verksemdsområda til politiet.

Tett samhandling inn mot dei andre verksemdsområda til politiet er svært viktig. Vidare må det etablerast gode ordningar for samhandling med andre aktørar, som andre offentlege kontrollorgan, kommunar, næringsliv, frivillige organisasjonar m.fl. 

Stillinga er plassert ved Seksjon for etterretning og analyse ved Felles Enhet for etterforsking, førebygging, etterretning og barnehuset (FEFE). Arbeidsstad for stillinga er i Ålesund.   

Arbeidsoppgåver

I samarbeid med teamet:

  • Overvake, berike, kvalitetssikre og organisere informasjon frå registeret til politiet.
  • Systematisere, presentere og visualisere operative data frå ulike register for å optimalisere informasjonsstyring, og dessutan overvake intern og ekstern informasjonsflyt og deling.
  • Overvake, administrere og distribuere informasjon til relevante funksjonar til rett tid.
  • Analysere relevant informasjon og produsere analyserapportar saman med seksjonen.
  • Støtte etterretnings-KO med registrering i Indicia under øvingar og kritiske hendingar.
  • Bidra til utarbeiding av innhentingsplanar og formidling av informasjonsbehov.
  • Utføre administrative oppgåver knytt til etterretningsregisteret til politiet.

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Bachelor frå Politi(høg)skulen
  • Minst 3 års erfaring innan relevant fagområde
  • God innsikt i politifaglege spørsmål, særleg innan etterretning
  • God kjennskap til lovverket innanfor gjeldande ansvarsområde
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
  • Må kunne tryggingsklarerast for HEMMELEG

Ønska:

  • Utdanning i etterretning og/eller etterretningsanalyse frå PHS, Kripos, Forsvarets etterretningshøgskole eller tilsvarande
  • God innsikt i oppdraget og organisasjonen til politiet
  • God kunnskap om bruk av datasystema til politiet
  • Meget god kunnskap om funksjonalitet i Indicia
  • God kunnskap om arbeidsmetodikken klargjort gjennom etterretningsdoktrinen til politiet

Personlege eigenskapar

  • Klar og tydeleg formidling: Evna til å forklare kvifor ei oppgåve er viktig, og korleis den påverkar det overordna målet
  • Handlekraftig og initiativrik
  • Analytisk: Du evnar å analysere informasjon og trekkje relevante konklusjonar
  • Strukturert og nøyaktig: Du er flink til å halde orden og har eit godt auge for detaljar
  • Gode samarbeidsevner, og evne til å motivere medarbeidarar

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande stilling for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Stillinga blir lønna som politiførstebetjent, stillingskode 0285, i Møre og Romsdal politidistrikt med brutto årslønn frå kr 548 600,- til 646 000,-
  • For særskilt kvalifiserte kan høgare lønnsplassering bli vurdert
  • Godtgjersle etter gjeldande ATB
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er knytt til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Kontaktinformasjon

Tore Hovstein, Seksjonsleiar, 40 28 06 46

Arbeidssted

Nedre Strandgate 50
6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt

Referansenr.: 4858927238
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 06.10.2024

  • user

    Tittel

    Ønskjer du ei stilling innan etterretning ?

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Ikke oppgitt

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det. 

Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.

Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.

Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.

Kontaktperson

Del annonsen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    42670

  • Sist endret

    20. september 2024