Lonna logo
Lonna logo

Er du vår nye rettleiar som ynskjer å bidra til ein enklare kvardag for helseaktørane?

Helfo veiledning

Vikegata 25, 6150 Ørsta15 days siden

Er du vår nye rettleiar som ynskjer å bidra til ein enklare kvardag for helseaktørane?

Helfo veiledning

Vikegata 25, 6150 Ørsta15 days siden

Om stillingen

Har du lyst til å jobbe i eit høgkompetent kontaktsenter med hjarte for gode brukarmøter? Kjenner du på at samfunnsoppdraget til Helfo gir deg stor motivasjon? Då vil vi gjerne høyre frå  deg!

Helfo søkjer no ein rettleiar i fast stilling til avdelinga Helfo veiledning, med arbeidsstad Ørsta.

I denne stillinga vil du gjere kvardagen enklare for helseaktørane. Helfo veiledning har ansvar for å gi rettleiing til helseaktørar i mellom anna regelverk, takstar og digitale tenester. Du vil skape gode brukaropplevingar for helseaktørane gjennom informasjon, rettleiing og brukarstøtte i fleire kommunikasjonskanalar.

Helfo veiledning er ei avdeling med om lag 30 medarbeidarar fordelt på to seksjonar. Vi er ein aktiv samfunnsaktør med engasjerte medarbeidarar.  Avdelinga har ansvar for handtering av publikumstenester. Vi informerer og rettleier legar, tannlegar, fysioterapeutar og andre helseaktørar frå heile landet. I tillegg har Helfo veiledning ansvar for proaktivt og førebyggjande informasjonsarbeid mot helseaktørar.

Din faste arbeidsstad vil vere i våre nye og moderne kontorlokale sentralt i Ørsta.

 


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva som rettleiar er å rettleie og gi informasjon til helseaktørar.

Du vil 

  • skape gode brukaropplevingar for helseaktørane gjennom informasjon, rettleiing og profesjonell brukarstøtte, hovudsakleg på telefon og e-post
  • rettleie i bruk av sjølvbeteningsløysingar
  • bidra til gode resultat, godt arbeidsmiljø og utvikling av tenestene våre
  • tilpasse deg skiftande forventningar, både frå helseaktørar og oppdragsgivar


Helfo er i ein utviklingsprosess. Du må difor vere innstilt på endring i arbeidsoppgåver. 

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har minimum 3 års høgare utdanning frå høgskule eller universitet innan fagretningane helse, sosial, kommunikasjon, pedagogikk eller liknande. Ein kombinasjon av anna utdanning og relevant erfaring kan i enkelte tilfelle vege opp for utdanningskravet. Utdanning frå utanlandsk lærestad må vere godkjent av NOKUT for å bli jamstilt med utdanning frå norsk lærestad.

Du må også ha

  • svært gode språk- og kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg, på norsk (nynorsk og bokmål) og engelsk
  • rettleiingskompetanse eller anna erfaring med brukarkontakt
  • svært god digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye system og arbeidsmetodar raskt 


Som rettleiar skal du rettleie i eit stort regelverksområde. Du bør difor ha ei særskilt interesse for å lese og forstå regelverk.

 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som føretrekk å jobbe i ein planlagd kvardag med føreseielege rutinar og prosedyrar. Du jobbar sjølvstendig og er god på å strukturere arbeidsdagen, og du får gjennomført tildelte oppgåver. 

Verdiane til Helfo er at vi skal vere lærande, interesserte, samarbeidande og ansvarlege. Desse verdiane er viktige for oss, og dei skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag.


Vi tilbyr

  • eit viktig samfunnsoppdrag med meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø
  • god opplæring og moglegheit til fagleg utvikling
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • aktivitet/trening i arbeidstida
  • delvis heimekontor
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode ordningar for pensjon, lån og forsikring – les meir på www.spk.no


Stillinga blir løna etter kvalifikasjonar som rådgjevar (stillingskode 1434) i lønsspennet frå kroner 532.200 til 565.900 (lønstrinn 54 - 58).


Hos oss får du kollegaer som er stolte av jobben sin og utfører han med stort engasjement. Vi ønskjer deg velkomen inn i eit arbeidsfellesskap der tverrfagleg samarbeid er heilt avgjerande.


Mangfald i Helfo
Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og bidreg til endå betre oppgåveløysing og arbeidsmiljø. Vi ønskjer at våre tilsette skal representere heile befolkninga i Noreg, og vi vil ha tilsette med ulik alder, kjønn og bakgrunn. Vi vil leggje til rette for tilsette som har behov for det. Om du har hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette i Webcruiter når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Offentleggjering av søkjarlista
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarlista. Dette følgjer av offentleglova § 25. Det er mogleg å be om å bli utelaten frå søkjarlista. I so fall må du grunngje kvifor du ønskjer det. Om vi ikkje kan innvilge ønsket ditt, tek vi kontakt med deg på førehand. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheita, vil opplysningane dine stå på ei utvida søkjarlista. Denne lista vil berre andre søkjarar til stillinga kunne få.

Søk elektronisk
Du søkjer på stillinga via rekrutteringssystemet WebCruiter, der du fyller ut CV-en og søknadsfeltet. Du må leggje ved alle relevante attestar og dokumentere utdanninga di. Vitnemåla dine må lastast opp via Vitnemålsportalen, som du finn lenkje til i WebCruiter. Om du har utdanning frå utlandet, må den vere godkjend og dokumentert av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no).

Vi gjer merksam på at Helfo kan gjennomføre utvida bakgrunnssjekk for enkelte stillingar.

For meir informasjon om Helfo, sjå helfo.no.

 

Kontaktinformasjon

Wenche Kvistad Aalhus, Seksjonssjef, 90534278

Arbeidsstad

Vikegata 25
6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helfo

Referansenr.: 4857839984
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024

  • user

    Tittel

    Rettleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helfo er Helsedirektoratet sin ytre etat, og forvaltar årleg om lag 45 milliardar kroner. Dette omfattar oppgjer frå folketrygda til behandlarar, leverandørar og tenesteytarar, samt individuell refusjon av privatpersonar sine utgifter til blant anna legemiddel, tannhelse og helsetenester i utlandet.

Helfo sitt samfunnsoppdrag er å ivareta rettane til helseaktørar og privatpersonar og å gi informasjon og rettleiing om helsetenester.

Helfo jobbar for å gjere kvardagen enklare for helseaktørar og privatpersonar gjennom tilgjengelege, likeverdige og effektive helsetenester.

Helfo har kontor i Tønsberg, Fredrikstad, Sola, Ørsta, Mo i Rana og Kirkenes.


Helfo veiledning har ansvar for rettleiing innan regelverk, takstbruk og direkte oppgjer overfor helseaktørar (behandlarar og tenesteytarar), i tillegg til planlegging og gjennomføring av proaktivt kommunikasjonsarbeid til dei same målgruppene. Avdelinga samarbeider mykje med andre delar av Helfo, og andre interessentar og samarbeidspartnarar. Kontoret i Ørsta har i dag om lag 35 medarbeidarar.  



  • user

    Tittel

    Rettleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helfo er Helsedirektoratet sin ytre etat, og forvaltar årleg om lag 45 milliardar kroner. Dette omfattar oppgjer frå folketrygda til behandlarar, leverandørar og tenesteytarar, samt individuell refusjon av privatpersonar sine utgifter til blant anna legemiddel, tannhelse og helsetenester i utlandet.

Helfo sitt samfunnsoppdrag er å ivareta rettane til helseaktørar og privatpersonar og å gi informasjon og rettleiing om helsetenester.

Helfo jobbar for å gjere kvardagen enklare for helseaktørar og privatpersonar gjennom tilgjengelege, likeverdige og effektive helsetenester.

Helfo har kontor i Tønsberg, Fredrikstad, Sola, Ørsta, Mo i Rana og Kirkenes.


Helfo veiledning har ansvar for rettleiing innan regelverk, takstbruk og direkte oppgjer overfor helseaktørar (behandlarar og tenesteytarar), i tillegg til planlegging og gjennomføring av proaktivt kommunikasjonsarbeid til dei same målgruppene. Avdelinga samarbeider mykje med andre delar av Helfo, og andre interessentar og samarbeidspartnarar. Kontoret i Ørsta har i dag om lag 35 medarbeidarar.  



Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    42855

  • Sist endret

    21. september 2024