Lonna logo
Lonna logo

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Norges Bondelag

6800 Førde17 days siden

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Norges Bondelag

6800 Førde17 days siden

Om stillingen

Norges Bondelag søker rådgjevar/seniorrådgjevar til Vestland

Vestland er eit stort landbruksfylke kjenneteikna av ein variert topografi og bruksstruktur. Grovforbasert husdyrhald med aktivt beitebruk pregar jordbruket. Saman med dei kraftforbaserte husdyrproduksjonane og ein vesentleg produksjon av frukt, bær, potet og grønsaker gjer dette Vestland viktig for Norge sin samla matproduksjon og beredskap. Landbruksnæringa legg grunnlaget for ein variert og viktig næringsmiddelindustri, med stor verdiskaping og mange arbeidsplassar. Landbruket er ein viktig del av Vestland sitt grøne næringsliv, og Vestland Bondelag har ei nøkkelrolle i å ivareta vestlandsbonden sine interesser.

Vestland Bondelag har om lag 7000 medlemmer, 71 lokallag og eit offensivt fylkesstyre. Vi er til samen fem fast tilsette og har kontor i Bergen og Førde.

Nå søker vi etter ein positiv, kreativ og samfunnsengasjert rådgjevar i 100 % fast stilling og kan tilby varierte arbeidsoppgåver innan følgande hovudarbeidsområde:
• Organisasjonsarbeid og bistand til medlemmer og tillitsvalte
• Landbrukspolitikk
• Fagleg arbeid som f.eks. arealforvaltning, jordvern, berekraft, klima og miljø

Vi søker etter ein person med:
• God kjennskap til landbruket og/eller offentleg forvaltning
• God formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
• Erfaring frå organisasjonsarbeid
• Evne til å samarbeide i team, jobbe sjølvstendig og allsidig

Søker bør ha høgare utdanning. Relevant arbeidserfaring og godt nettverk, vert vektlagt.
Arbeidsoppgåver kan tilpassast kompetanse og interessefelt.
Vi tilbyr trivelege og engasjerte kollegaer, fleksitid, litt reiseverksemd, gode personal- og forsikringsordningar og konkurransedyktig lønn.

For meir informasjon om stillinga kontakt organisasjonssjef Lars Peter Taule, mobil: 908 58 555 eller personalsjef Catharina Andersen telefon 905 15 152. Søknad om stillinga med CV sendes innan 20. oktober 2024 til Norges Bondelag: stilling@bondelaget.no.

Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.

  • user

    Tittel

    Rådgjevar/seniorrådgjevar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Privat

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Norges Bondelag er ein fagorganisasjon for både bønder og alle andre som meiner at norsk
matproduksjon er viktig. Norges Bondelag arbeider for å betre vilkåra for landbruket og synleggjere
landbruket si tyding for samfunnet. Vi har om lag 60.000 medlemer fordelt på meir enn 500 lokallag.
Det er 100 tilsette i organisasjonen, derav 50 ved hovudkontoret i Oslo og 50 fordelt på organisasjonen
sine 17 fylkeskontor.

  • user

    Tittel

    Rådgjevar/seniorrådgjevar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Privat

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Norges Bondelag er ein fagorganisasjon for både bønder og alle andre som meiner at norsk
matproduksjon er viktig. Norges Bondelag arbeider for å betre vilkåra for landbruket og synleggjere
landbruket si tyding for samfunnet. Vi har om lag 60.000 medlemer fordelt på meir enn 500 lokallag.
Det er 100 tilsette i organisasjonen, derav 50 ved hovudkontoret i Oslo og 50 fordelt på organisasjonen
sine 17 fylkeskontor.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    43054

  • Sist endret

    23. september 2024