Lonna logo
Lonna logo

Bli ein del av vårt team som sjukepleiar eller vernepleiar

Sikkerhetspost, Valen sjukehus 

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen17 days siden

Bli ein del av vårt team som sjukepleiar eller vernepleiar

Sikkerhetspost, Valen sjukehus 

Sjukehusvegen 26, 5451 Valen17 days siden

Om stillingen

Sikkerhetsposten på Valen sjukehus søkjer no etter ein dedikert sjukepleiar eller vernepleiar.

Hos oss får du sjansen til å arbeide med alvorleg psykisk sjuke pasientar som er innlagde under tvungen psykisk helsevern. Avdelinga har eit samfunnsoppdrag med å gi trygg og effektiv behandling samtidig som vi ivaretek samfunnets behov for sikkerhet.

Sentrale oppgåver på avdelinga er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje god omsorg og behandling. Pasientane våre kan ha både lange og korte opphald, men det er alltid god tid til å bli kjend med kvar enkelt sine ressursar, bakgrunn og behov. 

I vår avdeling har kvar pasient eit tverrfagleg team beståande av miljøpersonal, psykiatar, psykolog, aktivitør og sosionom. Saman jobbar vi for å finne den beste balansen mellom pasientens utvikling og tryggleik for alle.

Sikkerhetsposten på Valen sjukehus har ansvar for å behandle pasientar frå Helse Fonna HF sitt opptaksområde. Pasientar som vert innlagt er underlagt tvungen psykisk helsevern etter §3.3/ §3.2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5 i lov om psykisk helsevern.

Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar? 

Søk i dag og bli ein del av vårt engasjerte team på Sikkerhetsposten ved Valen sjukehus.


Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar eller vernepleiar vil du:

  • delta i sjukepleie/miljøterapi til pasientar som treng behandling i sikkerhetspsykiatrisk døgnpost
  • delta i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar.
  • arbeide med relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring.
  • få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten.
  • vere med på å vurdere og lage handteringsplanar i forhold til valdsrisiko.
  • utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og rus er ønskeleg.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • er tilpasningsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
  • etterspør rettleiing 
  • er lojal i forhold til avgjerdsler

Vi tilbyr

  • Du vil få ei grundig opplæring
  • Kurs i MAP - møte med aggresjonsproblematikk
  • Opplæring i voldsrisikovurdering
  • Studieveke 35,5 timer årleg i 100% stilling når du har jobba eit år på posten
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).  Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Monica Lindseth, Funksjonsleder, +47 53466483

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4862912207
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar/vernepleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

  • user

    Tittel

    Sjukepleiar/vernepleiar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Ikke oppgitt

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.


For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    43171

  • Sist endret

    23. september 2024