Lonna logo
Lonna logo

Embete som tingrettsdommar og ein seks månaders konstitusjon ved Haugaland og Sunnhordland tingrett

Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger

Sørhauggt. 80, 5501 Haugesund11 days siden

Embete som tingrettsdommar og ein seks månaders konstitusjon ved Haugaland og Sunnhordland tingrett

Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger

Sørhauggt. 80, 5501 Haugesund11 days siden

Om stillingen

Om stillinga

Vil du ha ei stilling der du både får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver, samtidig som du har ein viktig samfunnsrolle? 

Det vert ledig eit embete  som tingrettsdommar og ein konstitusjon i seks månader med moglegheit for ytterlegare 6 månader, som tingrettsdommar ved Haugaland og Sunnhordland tingrett. Kontorstad for begge stillingane vil vere ved Haugesund. Det må påreknast å gjere teneste på begge rettsstadene i rettskrinsen. Tiltreding etter nærmare avtale. 

Dersom ein intern søkar vert utnemnd, kan det bli eit ledig embete med anna kontorstad i rettskrinsen. Søkarane vert derfor oppmoda til å opplyse om dommarembete med anna kontorstad kan vere av interesse.

Arbeidsoppgåver

Dine viktigste arbeidsoppgåver vil vere: 

  • Planlegge og gjennomføre sakene på ein effektiv måte
  • Leie rettsmøter og rettsmeklingar
  • Sikre at avgjerdene får god kvalitet
  • Bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar

Kven er du?

Krav til stillinga som tingrettsdommar er

  • Juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur. eller master i rettsvitskap
  • Du må vere norsk statsborgar  
  • Brei yrkes- og livserfaring er ønskjeleg, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og i møte med menneske
  • Godt juridisk skjønn og analytiske evner kjem godt med, sakene er komplekse og krev eit trena auge 
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre, og evne til å ta vanskelege avgjerder 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne er viktig
  • Høg gjennomføringsevne
  • Du må vere fleksibel og ha høg arbeidskapasitet
  • God rolleforståing

For kandidatar som blir innstilt krev ein utvida politiattest

Kva tilbyr vi?

  • Eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid og stort rom for fagleg utvikling
  • Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • Årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • Høve til ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Lønn for stilling som tingrettsdommar er per i dag 
kr. 1 351 700,-. Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Om oss

Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 49 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Landet er delt inn i seks lagdøme med ca. 290 tilsette / 23 tingrettar (rettskretsar) med ca. 1100 tilsette.

Haugaland og Sunnhordland tingrett  er lokalisert på rettsstadene Haugesund og Leirvik. Kontorstad for stillinga er Haugesund.

Domstolen har i dag til saman 13 dømmande årsverk og ei samla bemanning på 29,75 årsverk. 

Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnets fremste konfliktløysingsorgan. Domstolane bidreg til vern av dei enkelte sine rettigheiter. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit i befolkninga ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømmande verksemd. 

Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personleg eigenskap og brei yrkes- og livserfaring. Det er eit sentralt personalpolitisk mål at dei tilsette i domstolane skal ha ein variert erfaringsbakgrunn og speile befolkningssamansetjinga generelt - både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. 

Innstillingsrådet for dommarar gir innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemninga skjer.

  • user

    Tittel

    Embete som tingrettsdommer og en seks måneders konstitusjon ved Haugaland og Sunnhordland tingrett

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    2

Om bedriften

Domstolen legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søke stilling hjå oss. 

Vi oppfordrar deg til å kryssa av i søknadsportalen dersom du har funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn. Les meir om moglegheitene for positiv særhandsaming på www.dfo.no

Vi gjer merksame på at søknaden berre vil bli vurdert ut frå informasjonen som ligg føre når søknadsfristen går ut. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis dine ferdigheiter og erfaringar oppfyller kriteria som er beskrivne i annonsen. 

Personopplysningar i søknad og CV til stillinga vert handtert i samsvar med personopplysningslova. Du kan lese meir om personvern på https://www.domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane. 

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheita til å gjera unntak. Vi gjer merksame på at opplysningar om søkar kan bli gjorde offentlege, sjølv om søkar har bede om konfidensiell handsaming. Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vera tilgjengeleg på https://www.domstol.no/no/innstillingsradet

Den som blir utnemnd, må utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjorde i rettskrinsen til og organiseringa av domstolen, f.eks. samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet.

Kontaktperson

Del annonsen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    43459

  • Sist endret

    24. september 2024