Lonna logo
Lonna logo

Er du engasjert, strukturert og har lyst å bidra til å utvikla samfunnet på Voss?

Voss herad Styring og analyse

Uttrågata 9, 5700 Voss18 days siden

Er du engasjert, strukturert og har lyst å bidra til å utvikla samfunnet på Voss?

Voss herad Styring og analyse

Uttrågata 9, 5700 Voss18 days siden

Om stillingen

Om arbeidsstaden

Voss herad kjøper varer og tenester for omtrent 450 mill. kr årleg over driftsbudsjettet. Dette omfattar alt frå matvarer, programvarelisensar, arbeidsklede, konsulenttenester, lærebøker, innleige, verktøy og medisinsk forbruksmateriell. I tillegg er det planlagt større investeringar dei neste åra, på til saman mellom 100-300 millionar kr årleg. Innkjøpsrådgjevar er ein sentral aktør i desse innkjøpa ved å gjennomføra sjølve innkjøpa basert på tenestene sine kravspesifikasjonar, og rådgje organisasjonen på korleis dette kan gjerast på best mogleg måte. Innkjøpsrådgjevarane jobbar med både små og store innkjøpsavtalar, rådgjeving og strategisk utvikling. Du må lika å ha mange ballar i lufta, og ha evne til å prioritera eiga tidsbruk. Gjennom innkjøpsprosessane får du vera med å utvikla samfunnet på Voss og leverandørmarknaden.

Arbeidsoppgåver:

  • Gjennomføring av offentlege anbod- og innkjøpsprosessar på vegne av og i samarbeid med kommunalavdelingane
  • Sikra at innkjøp av varer og tenester skjer til rett tid, med rett kvalitet og til rett pris
  • Sikra at innkjøpa støttar opp om berekraftsmåla
  • Systematisk arbeid med klima- og miljøkrav i innkjøp
  • Oppfølging av avtalar og leverandørar
  • Oppfølging av innkjøpssamarbeid med andre kommunar/ fylkeskommunen
  • Innføring av eHandelsløysing
  • Innkjøpsfagleg rådgjeving og opplæring til avdelingane i alle tenesteområde
  • Utarbeiding og vidareutvikling av rutinar og prosessar innan innkjøp

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innan juss eller økonomi
  • Relevant erfaring er ein fordel, og kan erstatta kravet til høgare utdanning

Me ynskjer:

  • Kjennskap til offentleg forvalting og offentlege innkjøp i større organisasjonar er ein fordel
  • Gode kommunikasjonsevner i norsk, skriftleg og munnleg
  • Gode samarbeidsevner, og evne til å jobba tverrfagleg
  • Evne til å jobba sjølvstendig, har pågangsmot og er løysingsorientert
  • Strukturert

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Om avdelinga: 

Avdelinga styring og analyse ligg under Rådmannen sin stab, og er del av stabsavdelinga Strategi og styring. Avdelinga har mellom anna ansvar for oppgåver innan plan, klima og miljøvern, strategi, innkjøp, økonomi og styring og skal bidra til ei overordna samfunns- og tenesteutvikling. I avdelinga er det 10 tilsette, og to av desse er innkjøpsrådgjevarar. Me har no ei ledig fast, 100% stilling som innkjøpsrådgjevar.

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Innkjøpsrådgjevar, 100% fast

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
  • user

    Tittel

    Innkjøpsrådgjevar, 100% fast

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    43461

  • Sist endret

    24. september 2024