Lonna logo
Lonna logo

Lærar ved Stårheim skule

Stårheim skule, Stad kommune

Vikabakken 26, 6777 Stårheim17 days siden

Lærar ved Stårheim skule

Stårheim skule, Stad kommune

Vikabakken 26, 6777 Stårheim17 days siden

Om stillingen

Stårheim skule har ledig 100 % vikariat som lærar i perioden 01.01.2025 - 31.07.2025. Moglegheit for vidare fast stilling.

Stårheim skule har i dag 47 elevar frå 1. til 7. klasse samt SFO-tilbod. "Ein trygg stad å lære" er visjonen vår. Vi er opptekne av at kvar og ein av elevane våre skal oppleve trygge og gode skulekvardagar der alle trivast og høyrer til. 

Vi søkjer deg som vil vere med å vidareutvikle laget vårt. Deg som vil vere med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane våre.

Meir informasjon om Stårheim skule finn du her


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
  • Arbeide systematisk og målretta med grunnleggande ferdigheiter i alle fag
  • Bidra i skulen sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
  • Leie læringsarbeidet ved å legge til rette for praktiske og varierte læringsaktivitetar i klasser og grupper
  • Delta og bidra i samarbeid med kollegaer
  • Tett samarbeid med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som grunnskulelærar 1-7, 5-10 eller faglærar. Anna relevant høgskuleutdanning vil bli vurdert.
  • Vi søkjer særleg kompetanse i basisfag og spesialpedagogikk.

Personlege eigenskapar

  • Du har god relasjonskompetanse
  • Du kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
  • Du har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysingsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
  • Du arbeider sjølvstendig og systematisk
  • Du har god vurderingsevne og god rolleforståing
  • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Du er utviklingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har gode kunnskapar innan IKT

Vi tilbyr

  • Ein spennande, variert og meiningsfull arbeidskvardag 
  • Godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leverast før start i stillinga

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillinga kan du ta direkte kontakt med rektor, Monica Bjørkedal Hellenes tlf: 952 12 176.

Kontaktinformasjon

Monica Bjørkedal Hellenes, rektor Stårheim skule, 952 12 176, monica.hellenes@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Vikabakken 26
6777 Stårheim

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4862207622
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 13.10.2024

  • user

    Tittel

    Vikariat som lærar ved Stårheim skule

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

  • user

    Tittel

    Vikariat som lærar ved Stårheim skule

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    43774

  • Sist endret

    24. september 2024