Lonna logo
Lonna logo

Vikar i fengsel

Bergen fengsel

Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje8 days siden

Vikar i fengsel

Bergen fengsel

Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje8 days siden

Om stillingen

Om stillinga

Vi har ledig vikariat som betjent på timebasis og i turnus.

Ein betjent skal utføre avdelingsteneste med daglege oppgåver knytt til innsette, og beherske arbeid i spenningsfeltet mellom omsorg og kontroll, grensesettjing og støtte. Betjenten har ansvar for å utføre daglege gjeremål på avdelingen og ved behov bistå fengselsbetjenten med å utføre oppgåver som ligg innanfor fengselsbetjenten sitt ansvarområde.


Litt om rolla du går inn i 

Som betjent vil du få litt av den same opplæringa som aspirantane ved Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS.

Du vil få innsikt i rolla som fengselsbetjent og kanskje blir du motivert til å søke på fengselsbetjentutdanninga ved neste opptak.


Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • bedriftshelseteneste, velferdslag, treningsrom, parkering og kantine
  • stillinga blir løna som 1078 betjent frå kr 374000 - 443000 pr. år, og det blir gitt tillegg for ubekvem arbeidstid. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Arbeidsoppgåver

  • bistand og rettleiing til innsette når det gjeld straffegjennomføring
  • ta hand om ro, orden og tryggleik i fengselet
  • utføre daglege gjeremål på avdelinga
  • Det må påreknast modulbasert HMT-opplæring i tryggleik - sjå meir om dette på www.krus.no

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde. 


Utdanning og erfaring

Du må ha

  • generell studiekompetanse
  • du må oppfylle krava til opptak ved Kriminalomsorgens høgskolen og utdanningssenteret KRUS som du finn her: www.krus.no
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • førarkort klasse B

Modulbasert HMT-opplæring i tryggleik:  

Fysisk test og intervju vil bli gjennomført onsdag 16.10.24 i Bergen fengsel. For å kome til intervju må ein bestå dei fysiske testane. 
Den som vert tilsett må vere tilgjengeleg for opplæring i perioden mandag 28.10 - fredag 08.11.24


Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til tryggleikstenking og grensesetjing
  • evne til å rettleie og motivere menneske i ein vanskeleg situasjon
  • evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til administrasjonssjef Eirill Indrebø tlf. 55393752.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


  • user

    Tittel

    Betjent

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.

Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet med om lag 200 plassar for både kvinner og menn. Fengselet legg til rette for utvikling for innsette og gjev moglegheit for ny kompetanse.

  • user

    Tittel

    Betjent

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll. Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.

Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet med om lag 200 plassar for både kvinner og menn. Fengselet legg til rette for utvikling for innsette og gjev moglegheit for ny kompetanse.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    44252

  • Sist endret

    26. september 2024