Lonna logo
Lonna logo

Tilkallingsvikarar - vaken nattevakt

Kasa ungdomssenter - Bufetat

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen9 days siden

Tilkallingsvikarar - vaken nattevakt

Kasa ungdomssenter - Bufetat

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen9 days siden

Om stillingen

Vi ser etter vikarar som trivst med nattarbeid og har stort engasjement for ungdom.


Kasa ungdomssenter er eit statleg omsorgstiltak for barn og unge i alderen 13 - 18 år. Vi har fem avdelingar i Bergen og omegn, med 3 eller 4 plassar på kvar. Kasa skal gjennom traumebevisst omsorg etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling. 

Vi ser i den forbindelse etter deg som har eit stort engasjement og hjarte for ungdom som treng trygge og dyktige vikarar rundt seg for at dei skal få eit godt liv som vaksen. 

Søknadar vil bli fortløpande behandla og aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Søkarar som ikkje har kvalifikasjonar i tråd med krav, vil
ikkje bli vurdert.


Arbeidsoppgåver


Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

  • Som vikar inneber det å saman med anna personal på avdelina å arbeida målretta fagleg og miljøterapeutisk i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningslinjer og faglege rettleiarar.
  • Som nattevaktvikar arbeider ein i team med to kvilande nattevaktar i langturnus, og saman med ein kvilande nattevakt i avdeling med todelt turnus.
  • Nattevaktsvikarar har og ein del praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
  • Nattevaktsvikarar har ansvar for å bidra opp mot dagleg dokumentasjonsarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Ønske om fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning bachelor (sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad blir også vurdert.
  • 3. års studentar på relevant høgskolenivå innafor godkjend helse - og sosialfaglig utdanning kan verta aktuelle.
  • Kandidatar utan bachelorgrad, med relevant kompetanse/erfaring kan vurderast.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • Sertifikat kl. B.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Det er ønskeleg at du har kjennskap til relevant lovverk, Traumebevisst omsorg samt målstyrt miljøterapi. 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som :

  • Har gode evner til å bygge relasjon.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Har godt humør, og som likar å arbeide med og for ungdom.
  • Er løysingsfokusert og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte.
  • Er trygg, tydeleg og tillitvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov.
  • Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
  • Er fleksibel og trivast med store utfordringar.
  • Har tro på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar er ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
  • Har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar.
  • Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
  • Har god fysisk og psykisk helse.

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom,1489 miljøterapeut, eller 1508 vernepleiar:  kr 466 600 - 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut: kr 524 700 - 624 500 pr. år (ltr. 53-64) eller 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog: kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54-64). 
  • For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad, kan stillinga plasserast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, p.t. kr. 394 100 - 454 500 (ltr 30-43), 1203 fagarbeidar, p.t. kr. 432 800 - 487 800 (ltr 39-48) eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr. 443 000 - 502 300 (ltr 41-50). 
  • Tillegg for ubekvem arbeidstid ifbm turnus.
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån på konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 

I tillegg kan vi tilby:

Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling.

Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

 

Opplysningar til deg som søkjer:

  • Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillingane er for tida lagt til KASA ungdomssenter.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV og stadfesta attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Kontaktinformasjon

Ronny Habbestad, 46619631

Arbeidssted

Solheimsgaten 11
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4861549209
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 25.10.2024

  • user

    Tittel

    Vaken nattevakt - tilkallingsvikarer

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    10

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

  • user

    Tittel

    Vaken nattevakt - tilkallingsvikarer

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    10

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    44674

  • Sist endret

    26. september 2024