Lonna logo
Lonna logo

Sjukepleiar 100% fast i Heimetenesta

Austrheim kommune

Austrheimsvegen 1019, 5943 Austrheim16 days siden

Sjukepleiar 100% fast i Heimetenesta

Austrheim kommune

Austrheimsvegen 1019, 5943 Austrheim16 days siden

Om stillingen

Om stillinga

Me har ledig 100% stilling på dag/kveld med arbeid 4. kvar helg. 

I Heimetenesta arbeidar alle langvakter på helg, noko som er spennande og framtidsretta. Heimetenesta er organisert i ei sone, med oppmøtestad i underetasjen på Nordliheimen sjukeheim. Me nyttar Visma Profil, og me har stort fokus på gode tenester til heimebuande og bruk av velferdsteknologi i tenesteytinga. Digitalisering og bruk at ny teknologi er viktige satsningar for framtida i Austrheim. 

Som sjukepleiar er du ein del av eit tverrfagleg team som er oppteken av kvalitet og fagutvikling. Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra som eit ledd i helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring.


Arbeidsoppgåver

  • Pasientretta arbeid knytt til pleie, omsorg og behandling for dei som bur i eigen heim 
  • Samarbeid med pasient, pårørende og kollegaer 
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk 
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling 
  • Være med å videreutvikle digitalisering av tenestene og utvikling av velferdstekonologi i kommunen

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert sjukepleiar 
  • Førerkort klasse B 
  • Gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande 
politiattest ved tiltrede.


Kven ser vi etter?

Me ser etter deg som trivst med å arbeida med eldre personar med samansatte hjelpebehov. Du tek ansvar og handterar utfordringar med tryggleik og profesjonalitet. Du set trivsel, kvalitet og godt samarbeid høgt, og du er både sjølvstendig og ein god lagspelar. Gode samarbeidsevner og evne til å finne løysingar kjenneteiknar deg.

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.


Me tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer 
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø 
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar 
  • Fagleg utvikling 
  • Moglegheit for vidareutdanning 
  • God pensjonsordning gjennom KLP 
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Austrheimmodellen

Heim til Austrheim

Me bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Me skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar me aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Me vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.


  • user

    Tittel

    Sjukepleierstilling i Heimetenesta

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn! 

  • user

    Tittel

    Sjukepleierstilling i Heimetenesta

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn! 

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    45205

  • Sist endret

    27. september 2024