Lonna logo
Lonna logo

Rådgjevar/seniorrådgjevar

 Bufetat region vest, eining for Inntak

Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger7 days siden

Rådgjevar/seniorrådgjevar

 Bufetat region vest, eining for Inntak

Lagårdsveien 44, 4010 Stavanger7 days siden

Om stillingen

Ved Eining for inntak Bufetat, region vest, avdeling Stavanger, er det ledig 100 % fast stilling  som rådgjevar/seniorrådgjevar frå snarast.
Hjå oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.

Eining for inntak skal formidle statlege barneverntenester til kommunane i regionen. Eininga sine rådgjevarar får bistand frå nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og nasjonal inntak for rus og atferdplasseringar (NABE). Eininga har avdelingar i Vestland og Stavanger.

Stillinga inneheld noko reiseverksemd innan eigen region og andre regionar. Sertifikat for bil er nødvendig.

Det er også ledig eit vikariat i 100 % stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar/førstekonsulent. Vikariatet er ledig frå snarast til 15. august 2025 med moglegheit for forlenging.

 

Vi held til i Statens hus, Lagårdsveien 44 i Stavanger. Pr no er vi 19 tilsette i avdelinga.


Arbeidsoppgåver

Kva vil arbeidsdagen din bestå av?

  • Ved førespurnad frå kommunen, skal du gje råd, rettleiing og bistand i enkeltsakar.
  • Du skal ta i mot og saksbehandle tilvisingar om institusjonstiltak  og spesialiserte fosterheimar frå kommunen.
  • Du skal gjere forsvarlege vurderingar av eigna tiltak i samarbeid med kommunen sin tilvising.
  • Du skal dokumentere alle delar av arbeidet.
  • Du skal sikre oppfølging av plasseringar i private barnevernstiltak. 
  • Du skal delta i samarbeidsmøtar med andre einingar, kommunar og andre instansar.

Kvalifikasjonar

Kva slags bakgrunn har du?

  • Krav til treårig utdanning frå universitet/høgskule på bachelornivå innan barnevernsfag/sosialfag.
  • Ønskeleg med vidareutdanning innan barnevern/psykisk helse/anna vidareutdanning lik 60 studiepoeng.
  • Krav om erfaring frå barnevernsarbeid, og det er ønskeleg med erfaring frå kommunal barnevernteneste.
  • Krav om kompetanse og erfaring om lov, avtaleverk og forvaltning innan fagfeltet. 
  • Du har svært god skriftleg framstillingsevne på norsk og gode IKT-kunnskapar.
  • Til vikariatet ser vi primært etter ein kandidat som har erfaring frå akuttarbeid i barnevernet.

Personlege eigenskapar

Kven ser vi etter?

  • Du er sjølvstendig og trygg i di arbeidsutføring.
  • Du evnar å leie arbeidsprosessar og har høg grad av sjølvstende.
  • Du har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Du er initiativrik og løysingsorientert.
  • Du er ein lagspelar og har evne til å samarbeide.
  • Du er god til å bidra i kontinuerlege endrings-og betringsprosessar.
  • Du har godt humør og bidrar positivt i arbeidsmiljøet.

For oss er det også svært viktig korleis du som person eignar deg til jobben. Det vil bli lagt vekt på i den totale vurderinga.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 rådgjevar, p.t. kr 565 900 - 667 700 pr. år (ltr. 58-68) eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 624 500 - 708 000 pr. år (ltr. 64-71).
  •  For vikariatet kan det vurderast tilsetjing i stillingskode 1408 førstekonsulent, p.t. kr 472 900 - 565 900 pr. år (ltr. 46 - 58).
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

 

Opplysningar til deg som søkjer:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til eining for inntak, avdeling Stavanger.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje kan takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Synnøve Gjerde Nyborg, Avdelingsleder, 466 19 445

Arbeidsstad

Lagårdsveien 44
4010 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bufetat

Referansenr.: 4863677239
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 10.10.2024

  • user

    Tittel

    Rådgjevar/seniorrådgjevar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    2

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

  • user

    Tittel

    Rådgjevar/seniorrådgjevar

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    2

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    45220

  • Sist endret

    27. september 2024