Lonna logo
Lonna logo

Klinikksekretær (fast og vikariat)

Universitetet i Bergen

Årstadveien 19, 5009 Bergen6 days siden

Klinikksekretær (fast og vikariat)

Universitetet i Bergen

Årstadveien 19, 5009 Bergen6 days siden

Om stillingen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Klinikksekretær (fast og vikariat)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig både faste deltids- og heiltidsstillingar som klinikksekretær og vikariat som klinikksekretær  Dei ledige vikariata kan vere deltids- og heiltidsstillingar, og for ulik tidsperiode. Tidsperioden kan vere frå 6 til 18 månader.

Som tilsett hos oss vil du få moglegheit til å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, barnetannpleie, periodonti, hovudresepsjon og oral diagnostikk.

Ved tilsetting krevst det politiattest etter Helsepersonelloven § 20 a).


Arbeidsoppgåver:

  • sterilisering, vedlikehald av utstyr og reinhald
  • oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
  • oppfølging av rutinar som ein del av kvalitetssikringsarbeidet ved klinikken
  • ansvar for tilrettelegging av rom og utstyr som blir brukt til pasientbehandling
  • kontorarbeid knytt til den daglege drifta
  • arkiveringsoppgåver
  • betene telefon
  • klargjere behandlingsrom
  • hjelpe til med ulike behandlingsprosedyrar og sikre at utstyr er på plass og fungerer

Andre oppgåver kan leggast til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant utdanning frå vidaregåande skule eller tilsvarande utdanning
  • det krevst kunnskap om klinisk pasientbehandling  
  • søkjar må ha god oversikt over arbeidsoppgåvene og jobbe sjølvstendig
  • relevant praksis blir vektlagt
  • den som blir tilsett må ha gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk. 
  • det krevst digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter 
  • søkjar må vere fleksibel og ta initiativ
  • søkjar må vere effektiv, ansvarsbevisst og nøyaktig
  • mellommenneskelege eigenskapar er svært viktig i møte med studentar og kollegaer
  • erfaring innan tannhelse og utdanningsinstitusjonar er ein fordel.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.


Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn for tida 448 900 – 472 900 (kode 1379, lønssteg 42-46) i lønnsregulativet i staten. 
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • legg ved vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: klinikkleiar Neshe Lie, e-post: neshe.lie@uib.no , tlf.: 55 5866 30, mobil: 948 56 335

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


  • user

    Tittel

    Klinikksekretær (fast og vikariat)

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    6

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

  • user

    Tittel

    Klinikksekretær (fast og vikariat)

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    6

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    45320

  • Sist endret

    27. september 2024