Lonna logo
Lonna logo

Tannhelsesekretær/assistent ved Colosseum Tannlege Sogndal

Colosseum Tannlege Sogndal

Parkvegen 4, 6852 Sogndal2 months siden

Tannhelsesekretær/assistent ved Colosseum Tannlege Sogndal

Colosseum Tannlege Sogndal

Parkvegen 4, 6852 Sogndal2 months siden

Om stillingen


Colosseum tannlege Sogndal tilbyr heile spekteret av tannhelsetenester og har no fire tannlegar, tannpleiar og fem sekretærar.
Grunna auka pasienttilgang ynskjer me å utvide staben.
Me ynskjer å tilsetje ein positiv og engasjert kollega i ei fast 80 % stilling.  
Arbeidet vil bestå i allsidige oppgåver på klinikken- assistentstøtte til tannpleiar/tannlege , pasientkontakt, administrative oppgåver og resepsjonsarbeid.

Den me søkjer:
  • Er serviceinnstilt, kvalitetsbevisst og set pasienten først
  • Er nysgjerrig og har eit sterkt ynskje om å lære og utvikle seg
  • Er smidig, ryddig og tek initiativ
  • Trivst med ein til tider hektisk og varierande kvardag
  • Arbeider godt i team og sjølvstendig
  • Snakkar flytande norsk og kommuniserer godt både muntleg og skriftleg
 
Ynskja relevant bakgrunn: 
  • Utdanning / autorisasjon som Tannhelsesekretær er ein fordel, men ikkje nødvendig.
  • Erfaring frå tannhelsebransjen er ein fordel .
  • Det er ein fordel med erfaring frå programmet OPUS
  • Eventuelt anna relevant erfaring frå helsebransjen
Me tilbyr:
  • Engasjement i eit solid firma
  • God opplæring
  • Triveleg og sosialt arbeidsmiljø
  • Utviklingsmulegheiter i selskapet
  • Konkurransedyktige vilkår. Løn etter tariff for Tannhelsesekretærar og assistentar.
Vi har ein hyggeleg, veldreven og moderne arbeidsplass med blide kollegaer som trivst godt saman og gir mulegheiter for utvikling i rolle og ansvar.

Søknader vert fortløpande behandla.

Me håpar du har lyst til å søkje. Det gjer du ved å sende oss ein godt utfylt CV og ei kort grunngjeving for kvifor du vil jobbe hjå oss. For meir informasjon, ta gjerne kontakt med Grete Helene Eikenæs telefonnummer 41447090 eller e-post: grete.eikenaes@colosseum.no.

 
  • user

    Tittel

    Tannhelsesekretær/assistent

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Privat

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Colosseum Tannlege er den leiande leverandøren av tannhelsetenester i Norge, med nærare 70 klinikkar og 1100 medarbeidarar. Selskapet tilbyr dei beste og mest moderne metodane innan alt frå førebyggjande tannhelse, tannbehandling og estetisk tannpleie. Kvar klinikk har eigen administrativ klinikkleiar og eigen fagleiar som har ansvar den faglege delen. Gjennom Colosseum Academy sikrar me fagleg utvikling av alle medarbeidarane og tilbyr tidsrette interne og eksterne kurs med høg kvalitet. Colosseum Tannlege er ein del av Colosseum Dental Group. Colosseum Dental Group er leiande tilbydar av tannlegetenester i Europa. Me er no over 600 klinikkar i 11 land med over 11 000 behandlarar og assistentar. Colosseum Dental Groups vert eigd av Jacobs Holdning. Jacobs Holding brukar heile overskotet til veldedigheits-organisasjonen Jacobs Foundation, som støttar skular og utvikling til ungdomar og barn gjennom globale prosjekt. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidater til å søke.
  • user

    Tittel

    Tannhelsesekretær/assistent

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Privat

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Colosseum Tannlege er den leiande leverandøren av tannhelsetenester i Norge, med nærare 70 klinikkar og 1100 medarbeidarar. Selskapet tilbyr dei beste og mest moderne metodane innan alt frå førebyggjande tannhelse, tannbehandling og estetisk tannpleie. Kvar klinikk har eigen administrativ klinikkleiar og eigen fagleiar som har ansvar den faglege delen. Gjennom Colosseum Academy sikrar me fagleg utvikling av alle medarbeidarane og tilbyr tidsrette interne og eksterne kurs med høg kvalitet. Colosseum Tannlege er ein del av Colosseum Dental Group. Colosseum Dental Group er leiande tilbydar av tannlegetenester i Europa. Me er no over 600 klinikkar i 11 land med over 11 000 behandlarar og assistentar. Colosseum Dental Groups vert eigd av Jacobs Holdning. Jacobs Holding brukar heile overskotet til veldedigheits-organisasjonen Jacobs Foundation, som støttar skular og utvikling til ungdomar og barn gjennom globale prosjekt. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidater til å søke.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    45321

  • Sist endret

    27. september 2024