Lonna logo
Lonna logo

Styrar ved Os barnehage- Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune Os barnehage

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os16 days siden

Styrar ved Os barnehage- Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune Os barnehage

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os16 days siden

Om stillingen

Er du vår nye styrarkollega? Styrarstilling 100 % i Os barnehage frå 01.01.25. Vår dyktige styrar går av med pensjon og vi får ledig spanande stilling.
 
Vi søkjer deg som har engasjement for barnehagedrift, kvalitet og leiing. Som styrar har du ei viktig rolle som pådrivar av barnehagen sitt kvalitetsarbeid, og vi ønskjer deg som kan vere ein dyktig og inspirerande leiar for tilsette i dette arbeidet.
 
Du vil inngå i leiargruppa for Oppvekst i Bjørnafjorden kommune, og delta i tverrfagleg samarbeid, organisasjons- og leiarutvikling. Oppvekstområdet består av kommunale barnehagar, skular og Familiens hus. Som styrar vil du vere ein sentral aktør i kommunen sitt utviklingsarbeid retta mot barn og unge. Du skal, saman med dei andre leiarane på Oppvekstområdet, bidra til felles kulturbygging og gode og heilskapelege tenester på tvers.
 
Arbeidsstad:
Os Barnehage ligg i Gymnasvegen tett ved Os sentrum. Vi har 8 avdelingar der to og to avdelingar samarbeider og vert kalla base. Vi har per no 104 barn i alderen 0 – 6 år og 26 årsverk. Vi har gangavstand til bibilotek, skule, butikkar, idrettsanlegg og kort veg til flotte turområder.

Vi har fokus på at kvar barn skal bli sett og høyrt. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i kvardagen. Mottoet vårt er: «kvardagen er viktigast»

Som styrar hos oss får du:
o Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald.
o Eit godt arbeidsmiljø med positive kollegaer med stor arbeidsglede og godt humør
o Leiarstøtte og mentor
o Styrarnettverk
o Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
o Gode pensjons- og forsikringsordningar
o Løn etter avtale

Kvalifikasjonar:
o Utdanning som barnehagelærer eller annen høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.
o Ønskeleg med vidareutdanning innanfor administrasjon og leiing, gjerne nasjonal styrarutdanning.
o Ønskeleg med leiarerfaring frå barnehage.
o Særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune
o Gode IT kunnskaper

Eigenskaper:
o Nytenkande, involverande og samlande leiar
o Målretta og resultatorientert
o Lyttande og reflektert
o Tar ansvar og initiativ, og har gjennomføringskraft
o Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
o Personlege eigenskapar blir vektlagt

Arbeidsoppgåver:
o Hovudansvar for den pedagogiske verksemda i barnehagen og leie det pedagogiske utviklingsarbeidet
o Utvikle barnehagen sitt leiarteam og utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon
o Personalansvar 
o Leie det daglege arbeidet slik at forsvarleg drift vert sikra
o Sikre effektiv bruk av ressursane innanfor vedtekne rammer og budsjett
o Bidra i tverrfagleg samarbeid
 
 

Link til søknadsskjema: Søk her
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
  • user

    Tittel

    Ikke oppgitt

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    45520

  • Sist endret

    8. oktober 2024