Lonna logo
Lonna logo

Teamleiar for RFT team Stavanger

Region vest - Adferd høy, Bufetat

4010 Stavanger6 days siden

Teamleiar for RFT team Stavanger

Region vest - Adferd høy, Bufetat

4010 Stavanger6 days siden

Om stillingen

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) si hovudoppgåve er å gje brukarane våre hjelp og støtte uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat har oppgåver innan områda barnevern, familievern, samlivstiltak, ekteskapssaker, adopsjon, billighetserstatning, tilskotsforvaltning, ungdomsutveksling, ungdomsinformasjon og krisesenter. Bufetat er organisert i fem regionar med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som hovudkontor i Oslo. Bufetat er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat har team som tilbyr Relasjonsfokusert familieterapi RFT, for ungdomsfamiliar (tidlegare kalt FFT-team). RFT byggjer på mange års erfaring med FFT metoden. samt nyare internasjonal og norsk forsking på familiebehandling for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Den kliniske modellen i tiltaket byggjer på fleire tiårs utfalls- og prosessforsking for målgruppa, og søkjer å integrere behandlingskunnskap frå fleire kjende psykoterapeutiske og familieterapeutiske teorigrunnlag.

Behandlingsmodellen krev høg grad av klinisk kompetanse og tiltaket har eit rammeverk med klare retningsliner for behandlinga og fleksibilitet for terapeutisk tilpassing til den einskilde familie. Familiebehandlingsteama i Bufetat får fagleg opplæring og støtte frå Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge - NUBU, i samarbeid med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Det er 5 andre slike familiebehandlingsteam i Noreg.

Til vårt RFT team i Stavanger søkjer vi ein psykolog/psykologspesialist/familieterapeut/klinisk terapeut til 100 % fast stilling som teamleiar. Stillinga vil leia eit team av terapeutar og ha fagleg og administrativt ansvar. Teamet dekkar heile Rogaland fylke. Dette inneber at behandlinga og møte med familiane også vil vere ute i kommunane, men vi tek òg imot familiar på kontoret når det er mogleg.

Stillinga gjev ei unik moglegheit  for grundig opplæring i behandlingsmodellen RFT. Den kliniske modellen i tiltaket byggjer på ei bredde av teoretiske retningar innan psykoterapi og familieterapi, og er ein fagleg spennande utviklingsmoglegheit.

Arbeidsoppgaver

RFT-teamet består av tre til fire terapeutar, inkludert teamleiar, som arbeidar tett saman når det leggast planar for oppfølging av familiar. Terapeutane i teamet arbeidar samtidig sjølvstendig i familiane, og har fleksibel arbeidstid til å organisere det kliniske arbeidet opp mot kvar enkelt familie.

Behandlinga foregår i hovudsak i heimen, evt. poliklinisk når det er ønskjeleg. Terapeutane får kvar veke rettleiing fra teamleiar som skal bistå til at behandlinga vert gitt i tråd med tiltaket sin kliniske modell.

Som teamleiar deler vi stillinga i omtrent 50% leiing og rettleiar, og 50% klinisk arbeid, og du vil få grundig opplæring i både metoden, rettleing - og rolla som teamleiar. Som leiar vil du ha ansvaret for å leie teamet og bidra til eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø og ein positiv teamdynamikk. Du vil ha ansvar for inntak og kva familiar som blir tilbodne RFT-behandling i teamet. I tillegg vil du ha ansvar for kontakt eksternt og sørge for informasjons- og relasjonsarbeid ut mot andre instansar og hjelpetiltak. Som teamleiar har du og budsjett- og personalansvar for terapeutane i teamet.

Som terapeut i RFT-teamet organiserer du veka di mykje sjølv, med koordinering og kontakt med familiar og samarbeidspartnarar. Som rettleiar vil du ha faste møter med teamet kvar veke for rettleiing og oppfølging av familiar som terapeutane har i behandling.  Du vil og ha mykje kontakt med terapeutane for individuell oppfølging og rettleiing.

Som teamleiar vil du inngå i et fagleg fellesskap med dei andre RFT-teamenes teamleiarar, med bl.a. teamleiarmøtar- og seminarar kvar månad. I tillegg deltek du i  nasjonale utviklingsseminar med alle RFT-teamane i Noreg arrangert av NUBU. Saman vil de bidra til kontinuerleg kompetanseheving av metoden, i tråd med behova hos ungdomsfamiliane vi møter og evidensbaserte behandlingsprinsipp overfor målgruppa.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som psykolog med norsk autorisasjon, psykologspesialist eller relevant bachelor med relevant klinisk vidareutdanning, gjerne familieterapi.
  • Erfaring eller opplæring i RFT-metoden, som terapeut og/eller rettleiar, eller erfaring med anna klinisk og terapeutisk arbeid med familiar, og barn og unge.
  • Du bør ha kjennskap til metodens teoretiske fundament, det vil si systemteori, familieterapi, kognitiv åtferdsterapi og sosial læringsteori.
  • Du må ha førarkort, men treng ikkje disponera eigen bil.
  • Det blir kravd gode kliniske ferdigheiter.
  • Ønskelig med erfaring med eller utdanning i ledelse.
  • Ønskjeleg at du har gode engelskkunnskapar.

Personlege eigenskapar

  • Du løfter fram det gode i dei rundt deg, både som leiar, kollega og terapeut.
  • Du evner å jobbe systematisk med høg grad av sjølvvstendigheit og har gode evner til å skriftliggjøre arbeidet ditt.
  • Du har ei serviceinnstilling og har både moglegheit og eit ønske om å tilby fleksibilitet.
  • Du vil drive teamet framover til å stadig vidareutvikla og tilpassa seg til å vera eit godt tilbod for familiar.
  • Du evnar å inspirera og skapa entusiasme for jobben vi gjer.
  • Du har ei grunnleggjande tru på verdien av trygge og gode relasjonar, og jobbar aktivt for å styrkja relasjonar i familiane, mellom kollegaer og mellom samarbeidspartar.
  • Som teamleiar har du ei spesiell interesse for leiing i seg sjølv.
  • For oss er det òg svært viktig korleis du som person eignar deg til jobben. Det vil bli teke med i den totale vurderinga.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. kr 624 500 - 845 900 pr. år (ltr 64-79).
  • Løn vurderast etter utdanning og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbud om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Vi gjer merksam på at sentrale tillegg frå årets lønnsoppgjer ennå ikkje er ferdigbehandla i Staten for 2024.

Vi tilbyr og:

  • God og grundig opplæring i metoden.
  • God og strukturert rettleiing.
  • Spennande fagleg fellesskap med øvrige RFT-team i Noreg.
  • Gode terapeutiske utviklingsmoglegheiter.

Informasjon til deg som søker:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Eining åtferd høg,  RFT, Stavanger.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Ved å søkje på stillinga samtykkejr du til at konsulent ved NUBU (nasjonalt utviklingssenter for barn og unge) får innsyn i søknaden. Rekrutteringsarbeidet og intervjua skjer i samarbeid mellom NUBU og Bufetat.

Kontaktinformasjon

Anne Lothe Brunstad, RFT Konsulent NUBU, 40017620, a.l.brunstad@nubu.no
Fredrik Melander, Leiar, 46618976, fredrik.melander@bufetat.no

Arbeidssted

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4862569338
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2024

  • user

    Tittel

    Teamleier for RFT team Stavanger

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

  • user

    Tittel

    Teamleier for RFT team Stavanger

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk eller engelsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    45524

  • Sist endret

    27. september 2024