Lonna logo
Lonna logo

Undervisning matematikk og naturfag

KVI - Avd. Valekrossen, Vestland fylkeskommune

Opsangervegen 160, 5460 Husnes16 days siden

Undervisning matematikk og naturfag

KVI - Avd. Valekrossen, Vestland fylkeskommune

Opsangervegen 160, 5460 Husnes16 days siden

Om stillingen

Kvinnherad vidaregåande skule har omlag 400 elevar og 80 tilsette. Vi tilbyr følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Påbygg, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Teknologi- og industrifag og klassar med redusert elevtal, deriblant avdeling Valekrossen, som er ein tilrettelagt avdeling der elevar får tett oppfølging og undervisning i små grupper. Denne avdelinga held til i eigne lokale på Valen.

Arbeidsoppgåver

 

Frå 15.01.24 har vi ledig ca. 75 % vikariat i faga matematikk og naturfag ved avdeling Valekrossen og på hovudskulen/KVV. Undervisninga vert på programområda studiespesialiserande, påbygg og yrkesfag. Stillinga er fordelt med 60 % på Valekrossen og 15 % på hovudskulen. Det kan bli større behov.
Vikariatet er frå 15.01-26.05, men kan bli forlenga.
Det er ynskjeleg at søkjar har kompetanse i spesialpedagogikk

 

Kvalifikasjonar

Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.
Det er ynskjeleg at søkjarar har fagleg fordjuping, t.d. master.
Spesialpedagogisk kompetanse vil vere ein fordel.
Det er ynskjeleg med undervisningserfaring.
Det er ynskjeleg med erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar.

Personlege eigenskapar

Du tek ansvar og jobbar godt både sjølvstendig og i team
Du bidrar til å skape gode relasjonar
Du er inkluderande og utviklingsorientert
Du har god pedagogisk forståing
Du er engasjert og brenn for faga dine
Du er tydeleg, men og fleksibel

Vi tilbyr

Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
Nært samarbeid med kollegaer
God delingskultur
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Tilsetjing skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk.
Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Hanna Haugan Solheim, avdelingsleiar, 47054144

Arbeidsstad

Opsangervegen 160
5460 Husnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4864393105
Stillingsprosent: 75%
Vikar
Startdato: 15.01.2025
Sluttdato: 26.05.2025
Søknadsfrist: 13.10.2024

  • user

    Tittel

    Undervisning matematikk og naturfag

  • calendar

    Oppstart

    15. januar 2025

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

  • user

    Tittel

    Undervisning matematikk og naturfag

  • calendar

    Oppstart

    15. januar 2025

  • bag

    Type engasjement

    Vikariat

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Deltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    45704

  • Sist endret

    27. september 2024