Lonna logo
Lonna logo

Psykologspesialist

Førde BUP, Helse Førde

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde15 days siden

Psykologspesialist

Førde BUP, Helse Førde

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde15 days siden

Om stillingen

Førde BUP har ledig 100% fast stilling som psykologspesialist. Oppstart 01.01.2025

Førde BUP er ein av poliklinikkane i PBU (psykisk helsevern for barn og unge). Førde BUP dekker ei barnebefolkning på om lag 12 200 fordelt på 8 kommunar.

Vi har spesialistar i alle profesjonar og dei fleste fagstillingar, mange med lang fartstid og erfaring innan feltet. Vi held eit godt fagleg nivå og har oppdatert kunnskap og behandlingskompetanse. 

Poliklinikken er lokalisert i Dagabygget, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern. 


Arbeidsoppgåver

  • Utgreie, diagnostisere og behandle psykiske lidingar hos barn og unge
  • Samarbeide med førstelina og andre i spesialisthelsetenesta om eit heilskapleg helsetilbod
  • Deltaking i interne og eksterne møter, undervising, fagutvikling, rettleiing og anna organisatorisk arbeid

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist/psykolog med norsk autorisasjon i klinisk psykologi 
  • God fagleg vurderingsevne
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillngsevne
  • Erfaring med arbeid i barne- og ungdomspsykiatri vert vektlagt, samt erfaring med familiearbeid 

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å møte barn, unge og foreldre slik at dei opplever seg sett og forstått
  • Gode evner til å samarbeide med andre fagpersonar på ein likeverdig og respektfull måte
  • Fagleg interesse og tydeleg engasjement, med ønske om å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare
  • Gode evner til å arbeide strukturert og målretta, og har høg arbeidskapasitet
  • Trivast i eit aktivt miljø og tverrfagleg team

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit godt og ivaretakande arbeidsmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Det vert lagt til rette for spesialiseringsløp

 

 Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Hildegunn Knapstad Fauske, Seksjonsleiar, +47 57839207

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4866601227
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024

  • user

    Tittel

    Psykologspesialist

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

  • user

    Tittel

    Psykologspesialist

  • calendar

    Oppstart

    Ikke oppgitt

  • bag

    Type engasjement

    Fast

  • building

    Sektor

    Offentlig

  • clock

    Arbeidstid

    Heltid

  • hieroglyph

    Arbeidsspråk

    Norsk

  • grid

    Antall stillinger

    1

Kontaktperson

Del annonsen

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ytterligere informasjon

  • Stillingsnummer

    46201

  • Sist endret

    30. september 2024